8/30/2011

Nei til inkludering av tromsværingane

Ein mild kommentar i ljos av denne artikkelen.

Det hev komi meg føre, at somme vil hava desse «tromsværingane» inn i det varme samfunn. Jau, det kan me visst like — toleranse og alt det der. Måken frå nord, det ævelege klagekoret, skal bli integrert. Men dei med vett kan ikkje like det soleis — nei, eg tykkjer d'er reint stygt og at me må halde på fornuften. Toleransens kval skal ikkje sluke oss som daud sild.

D'er kvinnone som er fyrst ute — dei tek seg spæle karar frå Tromsø, Kroken-gangsters med meir snus i lippa enn vett i skallen. Kva vil skje med eit blandingsbarnet, det med far frå Troms og mor frå Telemark? Jo, det vil nok fyrst få eit trist møte med skolen. Ungen vil meistre snautt 150 ord, kvar 140 av dei er bannskap — dei andre ei slags smørje med vokalar og uljodar (ulyder). Lærarane vil tru han er vond og dum: Han seier berre vondt om andre, og kan ikkje telje til tjuge eingong. Han vil derimot kunne skjelle ut heile slekti di attende til 1500-talet. Det er vel ein kvalitet, meiner somme — men d'er ikkje godt emne for skole- og arbeidslivet.

Som tek meg til poeng nummer to: Folkesjukdomen «kaffipause» ville breidd om seg endå kraftigare. Effektiviteten overalt ville sonki (sunket) og norsk industri hadde vorti selt til meir driftige land som Sverige og Grønland. Det er ikkje so verst, oss telemarkingar og dei andre med vett hadde vel vandra over grensa fyrst. Men so hadde me sett dei idiotiske Facebook-oppdateringane frå nordjævlane, kvar dei skryt av å pisse på Slottet eller joike i Nidarosdomen. Og me ville kjent lengt til ei heimleg strand — og bruka fleire århundre på å rette opp skadane frå kan hende fem-sju dagar med nordnorsk einevelde i Noreg.

Her er ogso rett med eit historisk perspektiv: Norsk soga seier at me ikkje skal lita (stole) på barbarane i nord. Ei eldre vise frå Austlandet læt (låter): «Å, dei som fere i nord/ med dei fattige ord./ Dei liver på NAV-et / og pissar i havet». Eg ser ingen grunn til å tvile på visdomsordi til dei gamle dølene. Dei visste meir enn eg, eg vil ikkje vera arrogant om slikt.

Ein siste ting om tromsværingane: Kva ville skjedd om me alle vakna ein dag og fann ut at me var tromsværingar? Jau, hald deg i ro må vita, det er eit fælt bilete — men tak imot poenget. Me ville slutta i jobben og teki ut trygd, skaffa oss snøscooter og byrja snakke vondt om samar. Me hadde berre eti fisk og potedes med reinsdyrmjølk og kvalsmør. Den vonde lukti av roten (råtten) fisk ville trekt isbjørnen til byane lengre sud (sør) og truga kvegdrifti i Eiker, Jæren og Akershus. Me ville klaga over kor kaldt det var og fyrt opp heile nasjonalbiblioteket for å halde oss varme. Grunnloven hadde me bruka til å mekke rullesigarettar, og kronjuvelane hadde me putta i felgane på ein statsfinansiert rånebil — ein Opel Ascona.

Nei og nei! Slikt blir det ingi framtid av. Tal nei til jævlane i nord. Send dei attende til Svalbard, Danmark eller kvar no enn dei kjem frå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.