5/31/2011

Tysdagsgnål

Jau, so såg eg uti notti (natten) i går kveld og skimta eit og anna som stod til lengre nedi gata. Det var venteleg eit par. Eg kys (choose) å sjå meir. Sveitt er guten. Dei gjeng sakte mot einannan, trippar liksom og gjer det som om dei er usikre på kven den andre er. Eller på korleis den andre er — ven eller fiende? So bryt dei av gangen, stirar litt meir — mun tru dei ser meg ogso? Og so! Eit kyss! Guten stend att og flytjer på tunga, med kjerringi fer sin veg.

Det er soleis dei byter makka (amfetamin) i Oslo for tidi. Heilt uventa, pengar i nevane med alle stirar dumt på «kjærastane». Og trur godt.

Høyrt om kjærleiken, du? Ja, kjærleiken til speed. Leveransen der var til meg, ikkje honom — men eg lever over detta, mun eg tru. Som so mykje anna. Grip meg fatt i skjegget, set meg ned med papir og slipar litt meir tenner. I bak stend TV-en på og spreir kvitstøy i full breidde. Ei homle flyg so vidt gjennom rommet og bannar på meg med eg piskar blyanten mellom fingrane. Han kastar sylvarglans om heile seg, d'er noko merkeleg med herne pennen. Nokre bilar tutar, sikkert nok åt meg det au. Ei kjerring stend og gnålar for høgt i gangen. Det kunne like fullt vori kvitstøyten, tenkjer eg. Skriv detta ned:

Ein god deal med frekk stil.
— Dyret stirar ein mil
Tidleg på dagen og krampar i magen.
— Snutefan sag' 'n.

Ein skrott over betong og i morgon ei spalte.
The good ones die young. Det var ikkje halvt, det.


Helvete heller, eg kan ikkje selje detta. Meir kaffi!

5/30/2011

Måndagsfres

D'er måndag, stund med espresso-shots og veldige bokhaugar over dei skrale kafébordi i kaffistugu. Ikkje akkurat som lovnadene om kjerringar og gull i staden, detta, men so er me vande med byen som lygnar og eksentrikar. Ei høne utor ei fjør, kultur utor dels vakre falafel-sosialistar som sit og drøftar feministisk litteratur. Kva skulle det vera, elles? Mannfolk-litteratur? Ei bok med kar-aktige bokstavar med blodet frå fiendane våre rennande ovanfrå, med den medvitne feministlitteraturen var pynta med mjuke bogar og rosa skjønskrift? Eg fær aldri heilt greip på detta, men so fekk det aldri heilt greip på meg heller.

Det blir eit retteleg sjå med desse permisjonsmødrene. Tronge buksar og ein stor kopp med skumma mjølk, ei gåve åt studenthipsteren dei stura bort når barnet kom. Ho vil fri, men det held fint med nostalgien. So riv dei opp blusone og tek til å føde ungen i offentleg sku, kan hende mest for å overtyde seg sjølv om at dei er mødrer no. Ei mor stirar meg stygt ned når ho ser meg sjå like sælt som ungen bort på henne. Eg gjer retrett til boki med differensiallikningar. Men ogso dei stirar ned på meg, dømer meg hardare enn femti bestemødrer.

«Jaggu, du gjer ikkje vett av initialvilkåri i herne lineære homogene likningi? Kom deg attende til gardsbruk, din gut.»

So eg sit der med kaffi og glefsar over bunken med aviser. Og må liksom glefse litt hardare når eg tyr åt nettavisene: Maria Amalie las frå eigi bok på Litteraturfestivalen 2011. Javel, so feirar kultureliten seg sjølv att. God morgon, Hylland Eriksen! Stakkars jenta som kampar mot den ålmektige rasismen. Det er no artigt at folket ser myrke krefter overalt, litt som prestane som driv med eksorsisme. Men det vart vel aldri noko folkeleg reising med saki likevel, av di ho ikkje gjaldt folk flest. D'er ei merkeleg verd.

Det er verdt å tenkje meir på. Flestalle journalistar vil vera progressive. Me skal gjera samfunnet betre — ressursane er ujamt fordelt og hindrar ekte brorskap i menneskeslekti. Men so er no dei fleste journalistane fødde inn i djupe urettferdi sjølv - inn i øvre middelklasse, med to bilar, caffe latté, MacBook og eit utal skriftsortar å velje mellom. Soleis fødde inn i arvesynd. So det smell eit paradoks inni hovudet, og nevrosen lèt ikkje vente på seg. Dei store mengdene med folk er undertrykte, heiter det. Og me er på lag med folket. Liksom i Mussolinis La Dottrina del fascismo — «Læra åt fasismen» — kan der ikkje vera nokon konflikt mellom kva staten og folket meiner. Den eine meiner som hine. Eller lat oss no seia journalistane framom staten, for ogso dei meiner nok å vera eit sant uttrykk for folkeviljen.

Rett finst der heldigvis dei som vik frå normalen. Der er dei ekte og mest solide journalistane og rettferdskrigarane. Hjå dei finn me gateprestane og dimeir Anlov Mathiesen, mest kjend for arbeidet sitt i =Oslo. Dei hev ingen illusjonar om å vera talarane for einkvan folkevilje, gjort konkret gjennom ei NORSTAT-undersøkjing eller sinte lesarbrev. (Folk som skriv lesarbrev er no mest ein gjeng raringar.) Kva er so målet? Rettferd over asfalten. Folket lever i Skippergata, dei duftar inn eksos og tek verdi for kva ho er. Dei må ikkje vera heltar. Dei er fullgode menneske.

5/29/2011

Flokar i norsk politikk

Det hev ikkje vori til å koma undan all denne kranglingi i den raudgrøne regjeringi. Somme kaukar varsku, og jaggu fær dei vatn på mylla. I den siste tidi hev me fengi ein ny elite av dissidentar, ei mest uvanleg sak her i Noreg. Dei melder seg ut i all hast og annonserer det åt Twitter, Klassekampen eller Aftenposten. Det er likso med tenåringsveikjone som høglydt og offentleg jamrar om mensensmerte på Facebook. No er Tore Linné Eriksen utor SV-soga. For kort tid sidan gjekk Twitter-helten Johannes Mundal bort frå Senterpartiet. Og Anne Viken stend alltid parat med eitkvart å seia om Bondelaget og den saknande jordbrukspolitikken.

Det lyt vera greitt å sjå at grasroti åt Senterpartiet ikkje brenn bort med vidare, enno somme er meir unøgde med utviklingi i jordbruket no. Det er visst for mykje makt hjå industribøndene. Lat oss no for ein gong godtaka at Senterpartiet fyrst og fremst er ein snarveg for trønderar som vil inn på Stortinget og hava store soddfestar. Men med SV gjeng det ein rakare veg: Mot oppløysing, mot utmeldingar og mot meir drama. Krigen i Libya og Afghanistan splittar, Tore Linné Eriksen er utor, Marie Louise Vidnes er utor — og fleire gjeng mot Oslo-dominansen i partiet. Kan hende er meir kjekling sunt for partiet, fordi det gjev merksemd i media og syner at liket ikkje er stivna heilt til endå. Men med sannsyn er det mest fælt for partiet, fordi kjeklarane kjemper langt hardare mot partiet enn partiet gjer for ideali sine. Fartyet lek soleis to stader.

På hi sida lærer vi noko om vesenet åt norsk politikk: Det er betre å vera horebukk enn ei hore. Arbeidarparti kan vera sterk mann til sengs med eitkvart kvinnfolk, men dei små partii fører eit hasardspel med ideali sine. Det er nett av det siste dei er småe parti. Dei store partii fører realpolitikk, og so læst dei som dei er ideologar når dei må orsake blautkakefestane sine. Det er difor rart å sjå dei som undrest over mangelen på sentrumsparti. Eg vil slå eit slag for at etableringi av delingslina oppi Nord markerer eit skil: Norge førebur seg på å bli stormakt, og då er det omme med ideologien. Han dug mest til skjellsord i desse nye tidene. Å seia eit og anna om amerikanske krigføringi er éin ting, men amerikasamarbeidet er for sexy til at politikarane kan styre seg.

Kva blir då vegen ut av uføret? Eg trur ikkje me finn betre råd so lenge før Norge blir meir markant i nordområdi og vinn stormaktstempelet. Men når detta er omme, lyt me sjå åt Tyskland. Der hev nemleg Dei grøne (die Grünen), gamle hippiane med solcellepaneli og Gaia-retorikken, vorti store og dyktige. Korleis det? Jo, gjennom å sikre seg lokal makt og gjera praksis av idealismen sin. Soleis føler folk at det er kort veg til makti. Her læt som det Senterpartiet hev mest å vinne: Dei sit med flest ordførarar i heile landet. Dei arbeider allereie med organisasjonar som Bondelaget og NJFF. Kvifor ikkje heller bli organisasjonspartiet, eit reint og opi lobbyistparti? Gjeva oss partiprogrammet på anbud, so skal me sjå at realpolitikken om litt kjem.

Om skjemtet i går

Eg nemnde eit spel, eit skjemt i notatet frå i går. Me vart altso sitjande som beitekyr over nachspielbordet og preike kort og langt. Kva tykte du om henne nye pensjonsreformi, er det venteleg å drive aldersjusteringi soleis? Kva då med arbeidslina? Ja, og so dubstep. Å Skrillex er eg vorten so lei, han driv med det sama om att og om att. «Wob, wob, wob, wob, wob». Jau, du — eg likar den songen. Utor Dubsteppa-skiva åt Funtcase & Southbound Hangers, sant? Jau, ogso om krigen som er i Libya. Er'e liberalisme, mun du tru?  Nei, NATO altso, fytti om eg sag' gift. Skål for Warsawa!

Orsak, detta er eigentleg ikkje forståeleg lengre. Men eg er so jævlig bakfull. Lat meg tala. Altso om detta skjemtet eg nemnde.

Der sat ei liti frugu og prata høgst av alle om det ho hadde minst vett i. Men det var ikkje meir enn tolig flautt, av di me var alle fulle som dyr — eller udyr. So rett nok vakna den verste djævelen i meg til, og kviskra fyndord inn i øyra. Og skildra fantastiske skjemt — gu', for nokre gjæve skjemt det var. Og so fall eg — i freistingi — til synd og lét meg herja med folket.

Det var jenta som skulle få det. Brautande jentor.

Du veit at når kjerringar kryssar knei, liksom stirrar ufriviljug på deg og fyrer opp ein sigarett? Då er fruentimmeret i boks. Og ho her, men eg hugsar ikkje namnet, var pakka og klår for å taka mot meg. Trudde ho. Men eg hadde andre mål å ganga mot på ein soleis kveld som denne.

Det var for resten likt nok til at kjerringi var tysk. Og ho tala raust på kosmopolitisk engelsk, liksom dei fleste folk eg vinn eit nag til. So kjem det endelege: Eg tala smått åt henne, om dei små sakene me menneske likar, og so slo eg til: «Darling, do you want some proper Norwegian Wood?» Det var mest tyst, jau, pinleg soleis. Og om tidi ho vann att pusten, svara ho eit klingande tysk «jah!», men då vart eg alt på hine banar og på veg mot baren att.

Men eg vann henne altso lell.

Elles minnest eg no at ein ikkje lyt setje for mykje alkohol føre honom Ivar (etternamn Aasen). Karen er ein jævel. Desse sunnmøringane, altso.

5/28/2011

Helgekveld

So kom endeleg den kjære kveldsstundi me lengtar for. Eg fyrer opp eitkvart usømeleg tobakkemne i pipa mi. D'er helg.

I lokalet er det eit sjå av Riesling-glade fjortissveikjor, rikaste narrefantane i Oslo-staden — og meg. Lyt kje takke nei for single malt og soleis, det er mi lyte. Men di høgare dei finn seg i samfunnspyramiden, di fattigare er praten som breir i kring. Han gjeng mest inn på Reddit og Twitter. Jau, mest merkeleg er detta — når ein sit med folk og dei sit med mobilane sine heller enn å gjeva eit ord. Grådugt? Jau, kan hende, men eg lever for glaset med skotsk brunvatn. D'er likaste vatnet som er, og betre enn myrvatnet me — skandinavarane! — trekkjer opp og bryggjer øl utor.

Eg fær gjera mitt. Eit spel, ein narr hev eg gøymt attom hjerneskiva i lengre tid. Meir om slikt i morgon. Glugg.