8/27/2011

Sylvarkjerringi

Og vidare ned Karl Johan — me skulle ikkje tenkje for stort om kvar me gjeng. Liksom renne nedover med straumen — som berre daud fisk gjer. D'er betre å vera daud enn aud, sjølv om einsemd skal læra oss eitkvart om oss sjølv. Alt vil eg ikkje vita. Eg hev hatt dei mareritti, jau, mellom dei verste: Stod der midt på gata og såg innåt kjøtet, og kjøtet pulserte liksom og vart klårt og gjennomsiktig. Eg såg gjennom skrotten, inn til dei lekamlege tingi og blod som flaut og kolliderte mellom seg sjølv. Byll som lak gjennom nyrone, sukkerstoff som kolliderte med feitt i blodet og danna plakk. Og det verste kom med levri, ho grein, «d'er gift! d'er gift!»

Og soleis stod eg der og tykte det no, om augneblinken framom. Ho er so vond til. Eg skal møte henne no, og sikkert ei stund sidan. Ho kjem innåt om kveldane, legg seg attom ryggjen og pustar kald, rivande luft over aksli (akselen). Og lell elskar eg henne. Når eg stirar inn, er det mest som å sjå inn i ein spegel: Eg ser inn henne og fær ut det eg ikkje toler med meg sjølv. So kjem kaldsveitting, før eg lét sylvarkjerringi (sølvkjerringen) brjote huden og gjera det ho må. Det blir om eitt stilt, eg ligg liksom litt i eit koma og tenkjer over stjernone og himmelriki, før om pusten tek seg opp att og slær som ein totaktsmotor. So må me fara båe to, me er tomme og vinn ikkje om meir i herne (denne) stundi.

Eg hev fengi eit likare sylv, d'er betre enn noko anna. Lell om eg kan sjå innåt skrotten stødt og til dei verste tider — sylvet kjem og kastar ljos på innsida av skrotten. Huden blir fager med ein grårosa toning, med håret stend rakt og hardt derfrå og skræmer (skremmer) bort andre rovdyr. Eg blir gal, diktar!, rikare til sinns og fattigare i hemningane. Traskar stødt langsmed gateplanet, stirar inn på folk og smilar dei bort. Ja-du, kor eit smil, eit reint og uforfalska lukkesmil kan skræme bort ei heil verd. Og di meir smilar eg over slikt. Trippar liksom litt på føtene, slær dei saman i hyllest og held fram i det same rivande tempoet.

Eg eig lukka og sylvet, kva eig du — kjære verd?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.