6/24/2011

Essay 24/6/11: Oss — era bygdatullinga

Somme er leie oss bygdatullinga på bergjet. Der var ei tid me tok til å byggje opp detta landet, langt og tunt som det er. «Furet, værbitt over landet» og alt det der. No er der tid å byggje stilaset ned att, liksom skue litt på mursteinen og pirke laus på mur-limet. Entré Blindheim, ein sint sosiolog.

Blindheim lika ikkje Hurtigruten-maratonet som NRK køyrde — mest imot folk flest, som anten tykkjer lite eller godt om saki. Der er patriotisk oppgulp, fær me høyre. Jau, mest skulle me tru det var einkvan fascisme, og Blindheim trekkjer parallellen åt Nord-Korea og slike. Og nordmenner, me likar best fellesskapen med dei store kosmopolittane som spanderer vin og kvitost. So denne påstanden vil me ikkje godtaka eller innrøme — d'er rett og slett for pinleg for oss.

So Blindheim hev fengi kjeft. Og meir dertil. Telefonen ringjer om notti og folk flest talar stygt om honom. Og tabloidane haustar dei ordi dei kan og legg dei ekstra sinte vendingane i overskrifter og tjukk skrift, so folket retteleg skal skjøna kvar skåpet skal stå. Blindheim hatar oss jo. Her blir det liv, som det heiter etter bygdeidiotane frå Namsos.

Velkomen, bygdedyret. Skal der vera litt kaffi?

No skal ikkje eg neitta for at eg kan fylgje Blindheim halvt å veg, serleg om Hurtigruten. Det kan nok dei fleste utav bygdene gjera, men må vita, ikkje for langt. Ein held berre ut so langt med småbåtane og glade nordlendingar. Og det er ingi tvil om at programmet mest var ei lisensfinansiert gåve åt næringslivet i nord — og åt Hegnar, Stordalen og dei andre investorane i Hurtigruten. Som det gjekk i på Twitteren:

Me skal ikkje sova frå #hurtigruten / han er for gjæv til slik. / Då skal me sitja på røvi vår / stirande som kannibalar på lik

Dei fleste utav bygdene kan vel like godt fylgje Blindheim litt lengre å veg om bygdedyret. Serleg oss som sveik bygdi for freistnaden i byen og sidan kom attende for småbruket. Dyret er vidt kjent, me hev festa med det på lange nottsæte (nachspiel!) og vakna opp med det — og henne dærre frå utbygdi, du veit — ein sein morgon etter.

Døme: Far min hadde eingong hatt med nabokjerringi åt hytta for drive fiske og drikke kaffi. Veka seinare gjorde nabokallen ei teneste attende og knerta nokre upraktiske katter. Korleis ser so bygdedyret på denne lekken av hendingar? Jo, for det fyrste so hadde far min teki nabodama som sexslave og lagt henne i tog på hytta. Dinest hadde nabokallen vilja hemn, jau, komi og truga på far min med hagla.

Det var no mest ei historie for filmane. Men soleis gjeng det til, og soleis hev det gjort i uminnelege tider — vil du vel endre på oss, din jævel? Men nok med prat! Lat oss sjå kvar resten av vegen åt Blindheim fører.

Det var detta med nasjonalismen. Alle desse strukturane som er konstruerte opp for å avgrense mennesket. Entré Ida Blom, endå ein sint sosiolog. Kvinnefigurane som herr Ringnes skjenkar åt Oslo kommune er nemleg skapa av ei sinnsverd kvar kvinne sit i botn og strikkar på ein vott. Om me berre såg detta mørkret, kunne me ganga utor grotta og sett himmelen. Liksom vorti frie folk og danse som frigjorde fangar.

So spør ein: Er det noko å sjå til der utanfor, eigentleg? Enn om me likar oss her inne? Gjev sosiologane oss eit alternativ? Ei ny grotte mot nordanvinden? Om ikkje, skulle vyrket åt sosiologane bli like meiningslaust som grotta dei vil avsløre. Det blir no rett å tala om ein nedbrjotande ironi. Ikkje berre reduserer dei alle handlingane våre til mekaniske impulsar når me støyter imot strukturane — som jo høyrest keisamt nok ut i seg sjølv. Dei sit ogso att med endå mindre. Sosiologane fer ut ei liti grotte og ut i ei langt større. Kall det meta-Platon, gjeva du vil.

Eg møter ikkje Blindheim og Blom på sak, vil vel nokre nemne. Og det er rett: Eg er skriftlærd og kan lika teologien, fordi eg — som Peter Sloterdijk ville sagt — skjønar språkspelet der. Men med sosiologien vinn eg ingen ting. Sosiologispråket er nemleg so tungt og merkeleg at somme vil det bort reint. Og eg gjer lite klokt å stole på at avisene gjev att argumenti rett.

Men lat meg lell då freista.

Fru Blom og fru Blom: At nakne kvinnefigurar skulle vera eit uttrykk for at kvinna er eigendomen åt mannen, skulle vera urett. I utlandet, til dømes Hellas, finst det statuar av rause, nakne gutar. Det tyder ikkje at dei er eigendom åt nokon som helst. Men stirar du ut i kvelden, ser du som regel det du vil sjå. Skrømt er overalt. Og når me alle veit so lite som me gjer om kva som eigentleg motiverer folk, stirar alle og ein ut i kvelden.

Og so Blindheim, den blinde: Om ein fyrst skal vera bitter, gjer ein det i anna land enn Noreg. Bitterheit er nemleg berre lov ved janteloven, og her fell herr. Blindheim til kort. Ein som veit mykje om samfunnsstrukturen i Noreg lyt hava betre vit. Og slik feilar han ogso som sosiolog: Han blir ein merkeleg kar, ein stuppul, utan evna til å formidle kunnskapen han sit på.

Ein kamerat frå Nordland snakkar stødt om om dei tri fiendane, dei tri S-ane: Søringar, samar og sosiologar. Blindheim fyrer opp elden åt kameraten min på lang veg. Serleg merkjer me kommentarane om at byfolk skal vera so gode og at sivilisasjon ikkje blir utvikla utpå bygdi. Eg trur — med god vilja — at Blindheim ikkje kjenner til sivilisasjonsopphavet — hjå bøndene i Indus-dalen. Det er heller ikkje frå kontoret hans Blindheim av sivilisasjonen stig fram. Der er det han som gjeng ut og inn — imot alle.

Takk for i kveld! Skål for irsk whisky!

6/18/2011

Laurdagsskrifti 18/6/11

Gårsdagen gav eit artig lag. Lat meg fortelje.

Det startar altso med ei markering: Ein kamerat er endeleg singel att, Gud skje lov! Og han drog ut på staden for å fara med sitt. Då sat vennekrinsen vår att med eit tomrom, som trekte og trekte meg bort frå ytterkantane og fjelli kring staden og inn mot den pustande festdraken.

Eg er no gjerug (gjerrig) ein kar, so eg vil kje festa med utestadane i den vide byen. Ikkje sit dei med god whisky heller. So fyrste råd er å ringje opp dei slaviske venene mine og ordne litt affær. Med eg ventar på folket, kjem eg i hende whisky. Og kvelden er i gang.

Eg, nokre slavarar og ein skræmande kvit Oslo-gut saumfer stretene opp langs hamna. Eit og anna blir ordna langs vegen med ein hyggjeleg afrikanar. Og Oslo-guten trekkjer oss vidare innover, mot ein fest. Der er røynlege rockarfolk, kokainsniffing, mektige bong-ar og Snoop Dogg i krinsen. Dei vil hava sakene mine, so eg gjeng bort frå dei om litt og lèt slavarane vera attom.

Finn fleire folk, slær oss til ro i ein park og ordnar med ting. Rett føre oss sit ei måse — eg hatar måsi. Og må ringje ei flott veninne i Nord-Noreg for å spørje om råd. Eg hev nemleg ein plan: Ho kunne taka turen nedover, liten gåtur berre, koma med muffins. Og so kunne me lokka inn den jævla fuglen og gjort ende på honom. Måsa er ein jævel og gjer skam på resten av skaparverket honom Guds. Detta er heilag krig. Men som tidt skjer, fell det i gløymsel når samtala i gjengen fer innom noko anna og meir vitugt.

Sidan er det inn og utor eit par hyblar. Og me kjem i møte resten av gjengen, dertil noko attåt — ein legende frå Finnmark. Ein røynleg god kar er han, staut og med det halvautistiske, soldataktige blikket åt folk med kraft i seg. Jaggu om Legenden ikkje er maoist ogso. Me slær føt' bortover (so godt me kan i alkoholsvivet) og gjeng innåt byen for å invadere.

Me køyrer vegen åt den grøne draken i kveld.

Om eit punkt kjem gjengen inn i ei bakgate. Ein kamerat — vel, to eigentleg — skal gjera eitkvart med eit kvinnfolk. Om ikkje omvendt. Og med blir eg, frikarane og Legenden standande å sjå mot eit parkeringshus. Elles er der folketomt i smuget. D'er no artigheiti tek til.

Parkeringshuset er tolig høgt, jamvel 20 meter — med asfalt svivande under. (Eg var ganske bortdrukken på herne tidi, som de kan lesa). Langs sidone gjeng det fleire rakk med hønsegjerde, liksom du finn på skulegardar og slikt. Det såg mest ut som eit fengsel, tykte eg.

Fyrste tanken er no: Her må me kunne klatra godt! Ein av frikarane tek til, opp mot fire meter, «nei helvete kor høkt» og so ned att. Heller ikkje eg er kar nok til detta. Men Legenden stirar opp, flirer litt og tek til han med. Fem meter, ti meter, å herregud for dumt og fårleg. Men artig som fan, må vita. Femten meter. Tjuge. Over og inn ei opning.

Han er no vorten brotsmann og læst inne i eit parkeringshus. Men gjennom kløktig klatring fær han til å koma seg vidare nedover. Læser opp døri frå innsida — parkeringshuset er fritt for gjengen no. Me gjeng inn. Sjekker bilane, seier stygt om alle som køyrer Audi og deler gode ord om dei fantastiske Opel-ane. Og glisar.

Me er dei med vit og whisky. Og eit heilt jævla parkeringshus for oss sjølv.

Ein kamerat set på dubstep. Me lagar i hop ein moshpit, skålar for Mao og Stalin, dansar som djevlar i kring ein el-bil. Hoiar, gjer overslag over verdisakene folk lèt at i bilane sine — utan at det blir nokor vinning av det. Me spring hundremeter, sjekkar dei høgre etasjane og teiknar slagord på nynorsk. «Riksmål er fasistgnål» kjem det utor Legenden. Eg kvedar eit bel og vinn meg ein øl og ein pris snus på detta. Men utan blinkande diskoljos og pene studentinnor frå Stavanger er der lell ikkje liv nok laga. Laget døyr sakte ut, utan at me eigentleg veit det sjølv — og me legg på veg heimover.

På vegen kjem Finnmarkingen i hende eit protestskilt til ein slags demo som skal skje ein av dei neste dagane. Han gangar ned festgata med parolen (som eg trur er mot dyremisbruk?) og hoiar slagord. «Arbeidslæger førr Tromsværinga! Død & pine over småborgarpakket!» Knusar om litt skiltet og brukar staven som vandrarstav, vandrar klokt og stilig vidare nedover. Og ved ende blir laget løyst av og alle fer til sitt.

Eg trynar seinare utpå asfalten og blir sovande der til omlag klokka ni. Og drikk no kaffi og triksar med aspirintablettar. Eit godt lag, jaggu!

6/11/2011

Laurdagsrit 11/6/11

Klemt mellom ein fin og symmetrisk dato som 11/6/11 er det høveleg å skrive eitkvart. Her kjem eit opportunistisk og frekt rit om rasismestoda i Noreg.

Somtid stig det gamle ordskiftet igjen — som ein zombie — og kviskrar åt oss: «Rasisme er det overalt». Og det kan gjelde kva som helst gruppe me finn. Eine gongen er det dei svarte, hine gongene jødane eller endåtil finnmarkingane. Det blir liksom ikkje nokor ro over detta. For nokre meiner detta er rett å krangle om, av di kvitingane hev gjort mykje vondt tidlegare og no sit med ei viss moralsk gjeld åt dei andre. Og må sleppe dei inn i landi sine og møte dei med respekt.

Det er vanskeleg å sjå Noreg oppi detta gamle stormaktsspelet dei nemner. Me hev ingi gjeld. Men di meir nordmenner importerer amerikanske eller europeiske førestellingar — og med dei, skuldkjensla for kolonialistiske overgrep — di meir vil me sjå at ordskiftet veks.

For ei stund tilbake vart ein svart mann forlaten i ein park, endå han trong medisinsk hjelp. Antirasistane var snart ute og snakka om statleg rasisme. Med namn og det heile på dei skuldige, som ein slags opplyst lynsjemobb. Likeso når ei flott russiske jente vart sendt utor landet for di ho hev broti reglane, so var detta statleg rasisme. For, med antirasistane fort er ute mot «resten» og seier me ikkje må generalisere ei heil folkegruppe for nokre få (vera kriminelle eller valdtektsmenner), so er dei ikkje like reserverte sjølv. Dei dømer gjerne heile forvaltingi som eit fasistisk, kolonialistisk prosjekt med einaste føremål å gjera vondt på folk som er annleis.

Men der er alltids optimistar hjå denne gjengen ogso. Ein og annan proklamerer stolt at «over åtti prosent av Oslo-elevene vet hva rasisme er». Og eg blir sitjande der, like uklok: Sjølv ikkje eg veit kva ordet tyder, når det no blir nytta i breie og merkelege tydingar.

Eg hev sett folk som meiner kritikk av Islam eller halal-/kosher-slakt er rasisme. Eg hev sett folk som steller mannssjåvinisme likt med kolonialistiske, rasistiske synet på dei som er «ulike». Kva er rasisme? Eg kunne like fullt spurt: Kva er meiningi med livet? For folk gjev like sprikande svar til båe spørsmåli, og me blir soleis ikkje klokare.

Antirasistane er snare med å sjå etniske, kvite agendar gjennom alle systemi. Ikkje nok innvandrarar i arbeidslivet? Kvit diskriminering. Ikkje nok svarte med i MGP Jr? Kvit diskriminering. Og lell skal ikkje den same moralen gjelde for antirasismen sjølv. Ein må ikkje vera Noam Chomsky for å sjå at det antirasistiske arbeidet ofte hev med etnisk sjølvinteresse å gjera. I rapporten «Det kan skje igjen», kvar Antirasistisk senter og Islamsk råd Norge er del, vart antisemittismen nedvurdert fordi jødane er so fåe. Dimed er det eit «lite» problem, som jo er gunstig innstilling for dei største produsentane av antisemittisme i landet: Nemleg somme muslimske miljø.

Argumentet for den siste vendingi var at det var viktigare å jobbe mot rasismen som eit generelt problem. Men detta gjev ikkje meining når rasismen er og blir mest eit spesielt problem, imot somme gruppor. Få gjeng kring og hatar både samane, jødane, kvænane og so vidare. Det er ein komfortabel fantasi for dei som vil sjå ein kvit konspirasjon attom alt, men dei fleste vil no semjast om at det er litt mindre enkelt i praksis. Det er no gjerne soleis at somme muslimar hatar jødane — og somtid omvendt — for konflikten i Midt-Austen. Trønderar hatar svenskar for den skamlause okkupasjonen av Aust-Trøndelag. Og eg hatar folk frå Øvre Eiker, fordi dei trur dei er so fantastisk gjæve med dei dumme traktorane sine.

Mest tyder kan hende «rasisme!» på at me gjeng attende til tidene åt Motreformasjonen, kvar «heks» eller «blasfemikar» var nok til å stogge alle ordskifti og døme motparten ned til ein varm plass med djevlar og eld. Det er eit retorisk masseøydeleggjingsvåpen, med ei so stor knusande (les: stigmatiserande) kraft at alle fryktar det minst like mykje som atombomba.

Eg rår soleis dei med vit til å vera meir smålåtne når det kjem til «rasismen». Me som ransakar oss sjølv og ikkje finn noko vidare vondt, treng ikkje å ty til hysteria. Den nervøse antirasismen som herjar i dag kan neppe gjera godt for dei som er utsette for ekte rasisme. Me lyt berre bruke honom når me er desperate på mediaoppslag og vil syne fram det sjølvnøgde, antirasistiske, kvite trynet vårt.

6/06/2011

Om stilla på bloggen

D'er ikkje det at saknar stoff (i alle tydingane!) som gjer at det blir fåe bloggpostar her den siste tidi. Eg jobbar med eit nytt prosjekt. De fær venta og sjå. Eg kan røpe no at det blir eit og anna tenkt eller sett i Oslo.

6/01/2011

Onsdagspreik!

Me era komne i treige tider, som det heiter på gamal kjeft. Og i endetidene ser me alle syndane våre gjentekne, just som du ser livet ganga forbi i korte trekk rett før bilen råmar deg i midtpartiet. Det skortar ikkje på dei — menneskesynd blir nytta til å definere svaret åt ein delt på null, ulogisk som det tykkjest, umogleg som det tykkjest og naturstridig som det er. Men so! Me veit ikkje mykje om oss sjølv, men oss veit: Det er me som sit med anssvaret i desse giftagurktidene, oskefaste som dei er — hokki som er. Og me skal taka føring.

D'er meg merkeleg å sjå at eg mesta blir meir Kungpatriotisk enn flestalle svenskane. Eg tykkjer nemleg ikkje påstandene mot honom er for fæle — forlat honom syndane. Kva syner dei? Stormannsgalskap? Er'e drotningi som er slem å sjå til, mun tru? Hev Kungen libidovanskar? Det blir i ollo (i heile) spekulasjon, ei drøfting som saknar både grorbotn og ei årsak. Påstandene mot svenskekungen syner i verste fall at han er eit menneske. Og det er vel rett nok eit utal århundrar etter vi forlét tanken om kongemakti som er komi frå Gud.

Men i eitt kan me sjå ei ny lekke. Forskningi hev meldt at dei fleste som fær E. coli i herne epidemien som herjar, dei er kvinnfolk. Forskarane melder au at kvinnfolk toler dei som vik frå normalen dårlegare enn menner gjer. Desse sladrande, dømande kvinnfolki! Og jaggu glimta me dét attom. Då må ein venteleg tru bakteriegifti kjem utav ein annan stad enn agurk, når dei ikkje vinn å finne henne elles. Er kvinnfolki daudssjuke utor seg sjølv?

Men eg vik frå. Lat meg no seia at eg hev skjøna folk veit kven eg er, men dei skjønar ikkje koss eg er. Fridomen er framleis ikkje svunnen. Eg er mannen som set nidstang mot Lyse Bredbånd og Språkrådet og kaukar til dei på gamal raulandsdialekt. Eg er mannen som seier «fan heller, gjeva eg hadde anna» når livet gjev meg frukter, som eg heller lagar sprit utav. Eg er han som febrilsk sleikjer ned aviser når eg sit med skrivesperra, sup liksom opp blekket som det var lapskaus og freistar skrive headliners på eit stort lereft med tunga. Det er skiti, men gjort med rein vilje — med reint tildriv. Eg er eit mysterium å lesa, liksom Bibelen:

2 Kong 2: 23 So for han derifrå upp til Betel. Medan han gjekk uppetter vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gav seg til å spotta han og ropa: Kom hit, din snauskalle! Kom hit, din snauskalle! 24 Han såg attum seg, og då han vart var dei, lyste han forbanning yver dei i Herrens namn. Då kom tvo binnor ut or skogen og reiv i hel tvo og fyrti av borni.

So fær det bli eit lag.