7/24/2011

Ordløysa i siste dagar

Det er ikkje ofte eg gjeng tom for ord — mest skulle vel eit og anna vera usagt. So eg lånar frå andre, meir kloke enn eg — og stel sjele-ro nok til å halde augo fri for tåretåka. Somme kjem med dikt, somme med skarpsyn, somme med moll-musikk. Og det hjelper fram smått om senn, nærar meg — so matlyst kjem tilbake og nærar kroppen med ein annleis substans.

Alle vil prate om tragedien no. Og som menneski me er vil me vita kvifor. D'er orsak og virkning: Me nøstar opp Breivik-manifestet og ser paragrafane rulle ned skjermen, som ein person i skirselden (skjærsilden) — rakt gjennom eit helvete på veg mot lyset. Stoggar midt i, græt litt, nærar opp meir mod og held fram gjennom galskapen.

Om litt sit me att med ein djevelsk saga: Ein mytologi bygd på gamal religionskonflikt, der ein gutteklubb hev kveikja opp ein gamal krig og læst han fast i hovudet. Dei lever utanfor vår eigi tid og kan soleis ikkje føle med samtidi. Det er det motsette av post-traumatisk stress: Dei blir oppsvelgde av mytologien, trollbundne og kan ikkje få fred før det forferdelege er skjedd. Og so skjer det — og me sit ordlause attende.

Eg vil helst ikkje tala om kvar skuldi (skylden) ligg eller kva som skal skje. Eg er ikkje klok nok til å skjøna dei som lever i ei onnor tid — eg er ein-tid-leg. Men det tykkjest rett å byggje ned tabu og kaste haldningane deira ut i offentlegheiti. Då må nemleg utsynet deira arbeide i og med samtidi.

Habermas var inne på det: Alle synspunkt må inn i ålmuga (offentligheten) og formulerast til eit språk som alle skjønar. Det gjeld ikkje berre religionen, som no alltid må leggje menneskeverd til grunn for argumenti sine. Detta må no ogso gjelde for dei som sit med andre, meir brutale og — som no — fårlege standpunkt. Kun då kan me syne fram dei språkspeli som driv galskapen — og på den måten byggje dei ned.

Men eg veit no ikkje for mykje, og trær (trår) eg ikkje varsamt nok, bed eg om orsak for det.

7/22/2011

Om nynorsken som elitemål

No skal eg gjera eitkvart dumt og diverre altfor gjengs. Vinjeboy-en skal nemleg skrive om nynorsk — på nynorsk. Høyre meg ut, vere du so snill.

Nynorsken skal vera eit folkemål etter somme. Det er i alle fall soleis det heiter offentleg: Tal dialekt, skriv nynorsk. Men nynorsken er og var alltid eit kompromiss, ikkje mellom dialekt og dialekt — men mellom ein streng mal for norsk mål og det sterkt sprikande folkemålet. Der var alltid eit spørsmål om skjøn og praksis: Aasen tenkte formene med -j (tenkje vs. tenke) var mest litt klønute og kan hende upedagogiske, men ville halde på den norske palataliseringi. Og likevel ikkje fullt: Ein god nordmann seier sko'jen, men lyt skrive skogen. Tanken var at nynorsk skulle bli einaste undervisingsmål (eit praktisk eit soleis) og det norske risle inn i målføri.

Soleis vart det no ikkje. Ein måtte forhandle, og målet vart skipla om meir og meir. Garborg kom med nokre av dei beste kompromissi i retning aust: Formene bli, blir vart lov og ein kunne skrive skrivi, funni. Mot vest trong ein ikkje gjeva avkall på stort, di der sat nynorsken trygt. Sidan kom Østlandsk Reisning og kravde inn det breie austlandske, både somme monoftongar og somme (nye) mønster: Kvinner vart lov attåt den tradisjonelle formi kvinnor (kvinnur hjå 'n Garborg). No skulle altso folkemålet ganga hine vegen, inn i landsmålet og ikkje omvendt.

Det er ikkje verdt å nemne meir om normhistoria. Men somme vil leggje ved at nynorsk-folk læt til å ha veldig sterke meiningar om språk, og då gjerne i ei konservativ lei. Eit døme er de/dykk-spørsmålet. Der er ikkje folkemål som klinger når nynorskfolket mest einstemde — vera seg Aasen-tunet i høyringi åt nynorsknemndi eller høgnorskarane på blogg (vevrit!) — gjeng imot formi dokker. Forma her, ho er brei og like greitt bruka over heile landet, frå Nordland til dei indre rånefestene i Sogn. Der me fyrst finn ei form som liknar på dykk, er det me austlendingane som steller opp med vårt dekk(an). Sjølve skilet de/dykk er di mindre utbreidd, sjølv om det rett nok lever til dømes i Hell i Inn-Trøndelagen. Kvifor so vrangt, då?

Unge folk i dag talar gjerne om hipsteren, han som rettar seg inn mot straumen og dyrkar det genuine og ikkje-kapitalistiske — men med ein kapitalistisk forbrukarmentalitet. Han kjøper Palestinaskjerf på H&M og tykkjer seg so fælt ein progressiv kar. Han brukar brillor utan synskorrigering, fordi det plutseleg er kult å vera ukul med ukule brillor. Han fer i kring med den dumme veska si med buttons frå kulturrevolusjonen og nypåteikna slagord mynta på EF-strevet på 70-talet.

Og her kjem me til poenget: Det same skjer på universiteti. D'er ikkje uvant at akademikarar og slike tek til seg ei god sak og pratar om undertrykkjing. Der er nok døme på detta: Snøkvite professorar i African Studies og Whiteness Studies, som talar so sprækt om ondskapen åt dei kvite. Mannlege feministar som mumlar eitkvart om patriarki. Det er ein progressiv syssel og gjer at tusenvis av (vertande) professorar slepp å stå ordlause, for å ikkje snakke om lidenskapslause i dei halvoppglødde korridorane sine. Og likeso vart nynorsken eit progressivt prosjekt når dei idealistiske 68-arane tura gjennom førelesingane og grodde fast på Blindern. AKP-ml-era stør folkemåla og nynorska vi 'a! song det ut i 1970.

For å jamføre att med hipsteren: Det er typisk språknerdane å skrive den mest konservative og innfløkte nynorsken dei maktar, eg med dei! Ein skal dyrke fram det reine folkemålet — med somme lempingar på kva ein kallar folkemål, for folk frå Ullern lyt neppe kallast «folk»(!). Der blir ein slags språkfetisj, som jo kan vera fint nok — men neppe noko du syner bestemor di frå Asker. Og hipsterane vil alltid draga nynorsken mot straumen, for det er der dei trivst best. Soleis blir det ikkje demokratisk kveik og rørsle utor. Detta kan berre bli eit fenomen for eliten.

Det finst sjølvsagt mange saklege, endåtil faglege innvendingar mot poengi ovanfor. Jaja, pedagogiske lempingar, seier me. Men me kjem ikkje unna at nynorsken hev sliti med denne moralistiske tankefloken, og at han ikkje åleine kan skuldast på at det er for mange vestlendingar i målrørsla. Nynorsken dreg nettopp i seg sjølv på motmakti, der ligg i soga vår. Etter samnorskoppgjeret hev nynorsknormi vori fri og eksperimentell, fantastisk i mange retningar og på mange vis. Meisternynorsken åt Duun forførte no sjølvaste Riksmålsforbundet, endå der er større sprik mellom språket hans og riksmålet enn det er mellom moderne vestlandsnynorsk og riksmål. Men for eit språk som er bygt på einskap gjennom kompromiss, vil eit slikt språk bli forvirrande — minder det blir heilt fritt, og då er det jo ikkje eit system eller eit språk lenger. Staten lagar ikkje — eller bør i minsto laga — postmoderne brosjyrar som alinjær narrasjon og kyrilliske bokstavar. Der må vera ein mal, der må ein rettesnor.

Trur eg då det er ei framtid for dei som skriv slik eg gjer? Jo visst. Det er vel klårt no at det ikkje lenger er eit målstrev. Nynorsken veks ikkje og han kjem ikkje til å gro meir heller. Perioden no handlar mest om å bevare rettane våre. Men nynorsken kan framleis vera godt i live og vera til stades i krikar og krokar, ogso på Austlandet. Språkfetisj er nemleg ikkje alltid til bry. Hipsterane held minnet ferskt og skyv om på symbolane liksom ein DJ gjer med technolåter. Og utor soleis gror det stundom eitkvart friskt. Og det er ikkje berre hipsterane det gjeld: Carl Frode Tiller vaks opp som bokmålsmann, men der var fyrst som nynorskforfattar at han følte han fekk det til. Og jaggu om han fekk det til! Ingen stussar på Tiller no, utan kanskje målfolket, som ikkje tykkjer for godt om alle heitordi. Men målfolket kan fort ganga bort og nynorsken stå att, like spræk som før — om ikkje meir.

7/14/2011

Skjemt og fanskap i Bratislava (del 2)

Bileti kjem dessverre ikkje. Dei vart gjort i fylla og såg ikkje ut i heile!

Det er verdt å læra seg helsingane og vendingane her i Bratislava, liksom /dov:rey d:an/ (god ettermiddag) og /kolko to stoji/ (kor mykje kostar det?). Og det er minst like godt å læra setningi her, nemleg "som z nórska!" — "eg er nordmann!". Dei kan like nordmenner her nede. Kvifor då?

Jau, no er me inne i kjent vatn, for eg kjenner og hatar årsaki. Dei elskar nemleg Bjørnstjerne Bjørson. Med karen var fattig i ordi og fagerdomen, so var han lell god til å tala åt dei mange. Og Bjørnson fór nedåt Slovakia, kvar kongedømet skulle hava småborni til å berre læra ungarsk — ikkje morsspråket. Far hans Bjørnson hadde no sett desse gnislingane mellom stormakt og småmakt og makt i heile gjennom levetidi si i Tyrol. Men att, Bjørnstjerne sjølv: Han likna detta direktivet, jau språktjuveriet!, til å taka morsmjølk bort frå barnet. Og det var rett sagt, lell om han gjorde vrangt om heime. Norsk språk kunne ikkje Bjørnson like. Til lut og åger vann Bjørnson seg ein plankett i ei gate i Bratislava.

I Bratislava finn du ikkje mange nordmennene — eg kom berre i møte nokre gode karar frå Oslo. Der er no heller mange britar, finnar og russiske turistar her. Eg sat eingong i baren og knerta øl og tid, då eg høyrte finnar tala attom ryggen min. Dei sat stilt, prata i to minutt og tok so ein verdig pause på fem minutt. So prat i to minutt, rolege og verdige i temperamentet og tempoet. Og finneskogane steig fram og skapa soleis stemning i dei, so dei vart stille fem minutt til. Eg vart hugen til prat og gjekk opp til dei. Med finske folk må du starte med ein punchline, minder vil dei ikkje prate så stort. So eg sa: «Suomi? Yeah, good. I'm Norwegian. Our nations have a lot in common. We both drink too much vodka and we both hate Sweden". Og då var samtala smidd til og finnane lét dele den store visdomen sin.

Like greitt var det ikkje med dei russiske turistane. Dei er eit uhøvla folk, ein tolig grov og bråkut flokk med vodka og Opel Ascona dertil. Det vart å koma mange slike typar på hotellet mitt, mest til mitt uhell. Kjerringane gjekk i kring, kika med gift i augo og forventa drinkar utor lommeboki mi. Endå dei ikkje var so fagre. Dei prata grovt når dei ikkje prata med meg — russisk hev sokalla mat, som er best å skjøna som nordnorsk bannskap. Rett nok skjøna eg stort sett kva dei snakka om, men det var ikkje den store poesien som sprang utor kjeften deira.

Utpå ein kveld ville eg nok sova. Men det var ikkje mogleg, sidan dei russiske naboane mine dreiv med rodeo-meisterskap eller noko slikt. Dette skjedde fleire dagar på rad, og eg gjekk om eitt lei det heile. So eg slo i den halvfôra veggen og kauka: Socializma v odnoj stranye! (Sosialisme i eitt land!) Og det vart stilt på hi sida av veggen eit bel, før det kom eit svakt shtooooooo? (kvaaaaaaaa?). Stemningi brast vel like godt som vindauga på hybelfest i Vinje. Og eg vann den kjære svevnen min.

7/09/2011

Bratislava ung-by (del 1)

Melding: Skrivaren er utanlands og fær soleis ikkje posta so mykje for stundi. So her er fyrste del av eit rit. I del 2 kjem det bilete m. m!

Han som er reist mykje ikring, han blir røynen og klok mann. Eller eit dugande kvinnfolk, når me alle helst skal vera so opplyste. Ein skal sjå Pyramidane, Den kinesiske mur, eit Picasso-måleri o. s. b. Det er ikkje skort på sansebilete som skal prentast fast i netthinne og Facebook. So me sankar bonuspoeng liksom sopp på skogstur og ser oss ut eitkvart å reise til!

Og so fer eg åt Bratislava, hovudstaden i Slovakia. Her er jamvel ein halv million innbyggjarar, sjølv om dei innfødde reknar det må vera dobbelt so mange. Ein øl kostar éin euro, plommesprit (slivovica) iblanda energidrink mest det dobbelte. På småe gatekneipor fær du retteleg god og sterk goulasj-suppe til nokre få myntar. Kom kika inn i staden.

Bratislava kan i fyrstningi sjå mest ut som ei lygn, ein fasade. Du kjem innåt hotellet og må vente eit bel, tolig lenge for å sjekke inn. Arkitekturen er anten dekadent rustfritt stål eller stalinistisk, kvar eg valde den siste — billigare soleis! Og på romet finn eg no katteklorte møblar, lukt av sveitt teppe og ein TV like påliteleg som Opel Ascona-en uti fjøset. Folk er frekke med å koma opp og ned etasjane, dyttar seg liksom inn og kastar stygge blikk mot meg heile dei fjorten etasjane eg må føre.

Men det var altso med det store sviket, som me elles kjenner frå tidi som tenåringar. Bratislava er nemleg ein sers, mest overveldande ung by. Og det er ikkje berre turistane — alt er so ungt, om enn ikkje arkitekturen. Sprit flyt over og folk er kjappe, litt frampå — bygatone her stoggar ikkje opp med treige tyske eller trønderske turistar.

Og kvinnfolki er fagre. Det er som å sjå rosor gro utav betongen.

Det fyrste møtet mitt er med frukost, og her er han retteleg stor. Bacon, egg, tjukk joghurt, rikeleg med kaffi, ostar o. s. b. Det blir mest ein middag tidleg å morgon. Eg er bakfull og fær hjernemassasje av den milde bassen frå house-musikken som blir spela i lokalet. Sidan fer det åt øl, kvar eg kjem i møte nokre nordmenner. Me pratar om litt: Eg nemner ei historie om ein bayersk hotelleigar som ein slektning hadde møtt på tidlegare. Jo, bayeren hadde fyrt opp ein fyrstikk og lét han brenne ut, og då sagt: «So hier brennen wir den Juden» (omset: «soleis brenn me av jødane»). Serleg ein av nordmennene tykkjer det var vondt sagt; han er for resten ein soldat.

Men der skal vera sant: Staden her vekkjer att livet i meg. Jau med unge folk, heller enn dei vaksne, som sit stive og berre kan sjå på det som er skarpt. Ungdomane lagar livet sjølv, dei. Nottelivet er sprækt som du fær det: Ingi lygn her, house-musikk og dubstep i lange nottetimane og nok sprit for å gjera alle til lags. Det er flust med britiske ung-gutar, med dei dumme caps-ane sine og merkelege fylleutfalli. Dei lokale er litt rolegare, utan gjentone — dei festar minst like hardt som dei i Vinje, om ikkje verre og slemmare. Men dei er stilig kledde alle som ein, og på uransakeleg vis kjem alle att til hotelli sine ved kveldsslutningi.

Kvelden er der framleis, og utanfor herjar det lyn og tole. Det kan rett nok vera fyrverkeri eller trikken, men alt skjer på hi sida av bygget mitt. Eg ser soleis berre ljoset som kastar av og høyrer dei veldige bråket. Og so fer ogso eg inn i draumaland og blir der i åtte timar, før ein ny dag byd på ei ny historie.