8/15/2011

Strevet for måndagskaffi

Det renn so sprækt eit folkehav gjennom gangane her. Dei bannar, trippar bortover og gjev fyrstehjelp for ålvorlege papirkutt. Og riv opp golvplatone når dei traskar tunge som troll nedetter på ei æveleg ferd, ein Golgotha-marsj for dagsens fyrste kaffi. Måndags-blues me kallar.

Her er ein kar som irriterer meg so stort. Herr «Eg kokar berre kaffi nok til meg sjølv».

Jessu då? Enn oss, du? Enn vøre med oss? Me er kaffisvoltne au.

Eg skjøna aldri meg på slikt «folk»(!). Ein lagar ikkje kaffi for seg sjølv, ein lagar ikkje kaffi åleine. Det er me, dei andre, Det Andre, som hev skipla det til. Sigla nedåt Afrika, stifta koloniar, utbytt folket med glinsande hud. Og sidan ført dei same landi under marknadsøkonomien, gjevi dei veldige lån so dei kan presse meir grut utav bøner. Å drikke kaffi er soleis ein so sosial sport, eikor (ei og anna) feiring av me-et.

Kaffihistoria startar med dei ottomanske invasjonane innåt Wien. Der slo me dei attende og vann nokre posar med mogne bøner. Dei lét me koke suppe på, og suppa var gull — svart gull, likeso mørk som tankane som bind oss til jordtilværa og hindrar einskap med himmelfaderen. Men med kaffi, og ikkje med utukt, kunne me trivast og livast. For lell om me blir morgontunge troll, so er der litt rock'n'roll og nærer oss gjennom profittauket.

Flestalle (dei fleste) kjenner til kaffibruken i norddelen av landet. Dei ligg i verdstoppen, jamvel over dei staute finnane. Og ikkje nok med det: Det er ikkje tysk eller amerikansk skvip dei serverer, men ei blanding sterk nok til å løyse opp gull. Synsingi fer over årsakene: Noko om vêret, at det er kaldt, at kaffi er sosialt der ogso. Og om litt heng oljeslottet og sviv (svever) nordpå, når Barentshavet pumpar opp anna svart gull. Då skal me vera der med dei, og då kan me like meir kaffi.

Sant å seia likar eg rett og slett brygget, ikkje berre som drykk, men ogso som symptom. Det er kan hende det beste dømet på korleis me koplar ei vare utav historia og produksjonsopphavet. Produksjonen, han kan nemleg vera litt slem mot jordsmonnet. Og ingenmann tenkjer på sveitte, glinsane hudar som tærer seg ut under solskinet når me kastar inn fyrste koppen. Og eg fær heller ikkje slike tankar ved andre koppen. Men ved tridje koppen er eg sopass gira at tankane fer hit og dit, ogso der.

No arbeider rett nok ikkje kaffibøndene under franske og engelske aristokratar lenger, men det kan knapt vera betre å vera styrt av derivatmarknaden og hedgefond. Ein fersk blåruss i London set fem millionar kronor, eit veddemål på prisen for den framtidige kaffiavlingi di. Du er ein gladiator i kamp mot solstråling og dei låke nitrogenverdiane for jordflekken. Og eg er jordlaus kontorrotte som stirar imot, men gløymer å sjå deg mellom dampen frå fersk morgondrykk.

Eg elskar ei kjele med svart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.