6/24/2011

Essay 24/6/11: Oss — era bygdatullinga

Somme er leie oss bygdatullinga på bergjet. Der var ei tid me tok til å byggje opp detta landet, langt og tunt som det er. «Furet, værbitt over landet» og alt det der. No er der tid å byggje stilaset ned att, liksom skue litt på mursteinen og pirke laus på mur-limet. Entré Blindheim, ein sint sosiolog.

Blindheim lika ikkje Hurtigruten-maratonet som NRK køyrde — mest imot folk flest, som anten tykkjer lite eller godt om saki. Der er patriotisk oppgulp, fær me høyre. Jau, mest skulle me tru det var einkvan fascisme, og Blindheim trekkjer parallellen åt Nord-Korea og slike. Og nordmenner, me likar best fellesskapen med dei store kosmopolittane som spanderer vin og kvitost. So denne påstanden vil me ikkje godtaka eller innrøme — d'er rett og slett for pinleg for oss.

So Blindheim hev fengi kjeft. Og meir dertil. Telefonen ringjer om notti og folk flest talar stygt om honom. Og tabloidane haustar dei ordi dei kan og legg dei ekstra sinte vendingane i overskrifter og tjukk skrift, so folket retteleg skal skjøna kvar skåpet skal stå. Blindheim hatar oss jo. Her blir det liv, som det heiter etter bygdeidiotane frå Namsos.

Velkomen, bygdedyret. Skal der vera litt kaffi?

No skal ikkje eg neitta for at eg kan fylgje Blindheim halvt å veg, serleg om Hurtigruten. Det kan nok dei fleste utav bygdene gjera, men må vita, ikkje for langt. Ein held berre ut so langt med småbåtane og glade nordlendingar. Og det er ingi tvil om at programmet mest var ei lisensfinansiert gåve åt næringslivet i nord — og åt Hegnar, Stordalen og dei andre investorane i Hurtigruten. Som det gjekk i på Twitteren:

Me skal ikkje sova frå #hurtigruten / han er for gjæv til slik. / Då skal me sitja på røvi vår / stirande som kannibalar på lik

Dei fleste utav bygdene kan vel like godt fylgje Blindheim litt lengre å veg om bygdedyret. Serleg oss som sveik bygdi for freistnaden i byen og sidan kom attende for småbruket. Dyret er vidt kjent, me hev festa med det på lange nottsæte (nachspiel!) og vakna opp med det — og henne dærre frå utbygdi, du veit — ein sein morgon etter.

Døme: Far min hadde eingong hatt med nabokjerringi åt hytta for drive fiske og drikke kaffi. Veka seinare gjorde nabokallen ei teneste attende og knerta nokre upraktiske katter. Korleis ser so bygdedyret på denne lekken av hendingar? Jo, for det fyrste so hadde far min teki nabodama som sexslave og lagt henne i tog på hytta. Dinest hadde nabokallen vilja hemn, jau, komi og truga på far min med hagla.

Det var no mest ei historie for filmane. Men soleis gjeng det til, og soleis hev det gjort i uminnelege tider — vil du vel endre på oss, din jævel? Men nok med prat! Lat oss sjå kvar resten av vegen åt Blindheim fører.

Det var detta med nasjonalismen. Alle desse strukturane som er konstruerte opp for å avgrense mennesket. Entré Ida Blom, endå ein sint sosiolog. Kvinnefigurane som herr Ringnes skjenkar åt Oslo kommune er nemleg skapa av ei sinnsverd kvar kvinne sit i botn og strikkar på ein vott. Om me berre såg detta mørkret, kunne me ganga utor grotta og sett himmelen. Liksom vorti frie folk og danse som frigjorde fangar.

So spør ein: Er det noko å sjå til der utanfor, eigentleg? Enn om me likar oss her inne? Gjev sosiologane oss eit alternativ? Ei ny grotte mot nordanvinden? Om ikkje, skulle vyrket åt sosiologane bli like meiningslaust som grotta dei vil avsløre. Det blir no rett å tala om ein nedbrjotande ironi. Ikkje berre reduserer dei alle handlingane våre til mekaniske impulsar når me støyter imot strukturane — som jo høyrest keisamt nok ut i seg sjølv. Dei sit ogso att med endå mindre. Sosiologane fer ut ei liti grotte og ut i ei langt større. Kall det meta-Platon, gjeva du vil.

Eg møter ikkje Blindheim og Blom på sak, vil vel nokre nemne. Og det er rett: Eg er skriftlærd og kan lika teologien, fordi eg — som Peter Sloterdijk ville sagt — skjønar språkspelet der. Men med sosiologien vinn eg ingen ting. Sosiologispråket er nemleg so tungt og merkeleg at somme vil det bort reint. Og eg gjer lite klokt å stole på at avisene gjev att argumenti rett.

Men lat meg lell då freista.

Fru Blom og fru Blom: At nakne kvinnefigurar skulle vera eit uttrykk for at kvinna er eigendomen åt mannen, skulle vera urett. I utlandet, til dømes Hellas, finst det statuar av rause, nakne gutar. Det tyder ikkje at dei er eigendom åt nokon som helst. Men stirar du ut i kvelden, ser du som regel det du vil sjå. Skrømt er overalt. Og når me alle veit so lite som me gjer om kva som eigentleg motiverer folk, stirar alle og ein ut i kvelden.

Og so Blindheim, den blinde: Om ein fyrst skal vera bitter, gjer ein det i anna land enn Noreg. Bitterheit er nemleg berre lov ved janteloven, og her fell herr. Blindheim til kort. Ein som veit mykje om samfunnsstrukturen i Noreg lyt hava betre vit. Og slik feilar han ogso som sosiolog: Han blir ein merkeleg kar, ein stuppul, utan evna til å formidle kunnskapen han sit på.

Ein kamerat frå Nordland snakkar stødt om om dei tri fiendane, dei tri S-ane: Søringar, samar og sosiologar. Blindheim fyrer opp elden åt kameraten min på lang veg. Serleg merkjer me kommentarane om at byfolk skal vera so gode og at sivilisasjon ikkje blir utvikla utpå bygdi. Eg trur — med god vilja — at Blindheim ikkje kjenner til sivilisasjonsopphavet — hjå bøndene i Indus-dalen. Det er heller ikkje frå kontoret hans Blindheim av sivilisasjonen stig fram. Der er det han som gjeng ut og inn — imot alle.

Takk for i kveld! Skål for irsk whisky!

2 kommentarer:

  1. Ina Blom er kunsthistoriker. Og hun kunne nok fortalt deg litt av hvert om unge gutters status i det antikke Hellas. Om du skal argumentere mot at kvinnens status i samfunnet generelt speiles av hvordan hun fremstilles i kunsten bør du komme med litt vektigere argumenter.

    SvarSlett
  2. Takk fe' kommentar.

    Du meiner sjølvsagt rett, og whiskyen tek likefullt feil. Ina Blom er kunsthistorikar, ikkje sosiolog. Eg lèt feilen stå for vidare – noko anna ville vori uærleg.

    Når det gjeld det siste, er eg godt nok kjent med pederastien i gamle Hellas og at detta kan ganga inn i kunstsynet. Men eg ser lell ikkje at detta skal gjelda for fullt og for all kunsten deira. Ikkje alle var no meint for elskhugen, men skulle bli soldatar og dilikt.

    SvarSlett

Du lyt skriva ordi dine her.