6/11/2011

Laurdagsrit 11/6/11

Klemt mellom ein fin og symmetrisk dato som 11/6/11 er det høveleg å skrive eitkvart. Her kjem eit opportunistisk og frekt rit om rasismestoda i Noreg.

Somtid stig det gamle ordskiftet igjen — som ein zombie — og kviskrar åt oss: «Rasisme er det overalt». Og det kan gjelde kva som helst gruppe me finn. Eine gongen er det dei svarte, hine gongene jødane eller endåtil finnmarkingane. Det blir liksom ikkje nokor ro over detta. For nokre meiner detta er rett å krangle om, av di kvitingane hev gjort mykje vondt tidlegare og no sit med ei viss moralsk gjeld åt dei andre. Og må sleppe dei inn i landi sine og møte dei med respekt.

Det er vanskeleg å sjå Noreg oppi detta gamle stormaktsspelet dei nemner. Me hev ingi gjeld. Men di meir nordmenner importerer amerikanske eller europeiske førestellingar — og med dei, skuldkjensla for kolonialistiske overgrep — di meir vil me sjå at ordskiftet veks.

For ei stund tilbake vart ein svart mann forlaten i ein park, endå han trong medisinsk hjelp. Antirasistane var snart ute og snakka om statleg rasisme. Med namn og det heile på dei skuldige, som ein slags opplyst lynsjemobb. Likeso når ei flott russiske jente vart sendt utor landet for di ho hev broti reglane, so var detta statleg rasisme. For, med antirasistane fort er ute mot «resten» og seier me ikkje må generalisere ei heil folkegruppe for nokre få (vera kriminelle eller valdtektsmenner), so er dei ikkje like reserverte sjølv. Dei dømer gjerne heile forvaltingi som eit fasistisk, kolonialistisk prosjekt med einaste føremål å gjera vondt på folk som er annleis.

Men der er alltids optimistar hjå denne gjengen ogso. Ein og annan proklamerer stolt at «over åtti prosent av Oslo-elevene vet hva rasisme er». Og eg blir sitjande der, like uklok: Sjølv ikkje eg veit kva ordet tyder, når det no blir nytta i breie og merkelege tydingar.

Eg hev sett folk som meiner kritikk av Islam eller halal-/kosher-slakt er rasisme. Eg hev sett folk som steller mannssjåvinisme likt med kolonialistiske, rasistiske synet på dei som er «ulike». Kva er rasisme? Eg kunne like fullt spurt: Kva er meiningi med livet? For folk gjev like sprikande svar til båe spørsmåli, og me blir soleis ikkje klokare.

Antirasistane er snare med å sjå etniske, kvite agendar gjennom alle systemi. Ikkje nok innvandrarar i arbeidslivet? Kvit diskriminering. Ikkje nok svarte med i MGP Jr? Kvit diskriminering. Og lell skal ikkje den same moralen gjelde for antirasismen sjølv. Ein må ikkje vera Noam Chomsky for å sjå at det antirasistiske arbeidet ofte hev med etnisk sjølvinteresse å gjera. I rapporten «Det kan skje igjen», kvar Antirasistisk senter og Islamsk råd Norge er del, vart antisemittismen nedvurdert fordi jødane er so fåe. Dimed er det eit «lite» problem, som jo er gunstig innstilling for dei største produsentane av antisemittisme i landet: Nemleg somme muslimske miljø.

Argumentet for den siste vendingi var at det var viktigare å jobbe mot rasismen som eit generelt problem. Men detta gjev ikkje meining når rasismen er og blir mest eit spesielt problem, imot somme gruppor. Få gjeng kring og hatar både samane, jødane, kvænane og so vidare. Det er ein komfortabel fantasi for dei som vil sjå ein kvit konspirasjon attom alt, men dei fleste vil no semjast om at det er litt mindre enkelt i praksis. Det er no gjerne soleis at somme muslimar hatar jødane — og somtid omvendt — for konflikten i Midt-Austen. Trønderar hatar svenskar for den skamlause okkupasjonen av Aust-Trøndelag. Og eg hatar folk frå Øvre Eiker, fordi dei trur dei er so fantastisk gjæve med dei dumme traktorane sine.

Mest tyder kan hende «rasisme!» på at me gjeng attende til tidene åt Motreformasjonen, kvar «heks» eller «blasfemikar» var nok til å stogge alle ordskifti og døme motparten ned til ein varm plass med djevlar og eld. Det er eit retorisk masseøydeleggjingsvåpen, med ei so stor knusande (les: stigmatiserande) kraft at alle fryktar det minst like mykje som atombomba.

Eg rår soleis dei med vit til å vera meir smålåtne når det kjem til «rasismen». Me som ransakar oss sjølv og ikkje finn noko vidare vondt, treng ikkje å ty til hysteria. Den nervøse antirasismen som herjar i dag kan neppe gjera godt for dei som er utsette for ekte rasisme. Me lyt berre bruke honom når me er desperate på mediaoppslag og vil syne fram det sjølvnøgde, antirasistiske, kvite trynet vårt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.