6/18/2011

Laurdagsskrifti 18/6/11

Gårsdagen gav eit artig lag. Lat meg fortelje.

Det startar altso med ei markering: Ein kamerat er endeleg singel att, Gud skje lov! Og han drog ut på staden for å fara med sitt. Då sat vennekrinsen vår att med eit tomrom, som trekte og trekte meg bort frå ytterkantane og fjelli kring staden og inn mot den pustande festdraken.

Eg er no gjerug (gjerrig) ein kar, so eg vil kje festa med utestadane i den vide byen. Ikkje sit dei med god whisky heller. So fyrste råd er å ringje opp dei slaviske venene mine og ordne litt affær. Med eg ventar på folket, kjem eg i hende whisky. Og kvelden er i gang.

Eg, nokre slavarar og ein skræmande kvit Oslo-gut saumfer stretene opp langs hamna. Eit og anna blir ordna langs vegen med ein hyggjeleg afrikanar. Og Oslo-guten trekkjer oss vidare innover, mot ein fest. Der er røynlege rockarfolk, kokainsniffing, mektige bong-ar og Snoop Dogg i krinsen. Dei vil hava sakene mine, so eg gjeng bort frå dei om litt og lèt slavarane vera attom.

Finn fleire folk, slær oss til ro i ein park og ordnar med ting. Rett føre oss sit ei måse — eg hatar måsi. Og må ringje ei flott veninne i Nord-Noreg for å spørje om råd. Eg hev nemleg ein plan: Ho kunne taka turen nedover, liten gåtur berre, koma med muffins. Og so kunne me lokka inn den jævla fuglen og gjort ende på honom. Måsa er ein jævel og gjer skam på resten av skaparverket honom Guds. Detta er heilag krig. Men som tidt skjer, fell det i gløymsel når samtala i gjengen fer innom noko anna og meir vitugt.

Sidan er det inn og utor eit par hyblar. Og me kjem i møte resten av gjengen, dertil noko attåt — ein legende frå Finnmark. Ein røynleg god kar er han, staut og med det halvautistiske, soldataktige blikket åt folk med kraft i seg. Jaggu om Legenden ikkje er maoist ogso. Me slær føt' bortover (so godt me kan i alkoholsvivet) og gjeng innåt byen for å invadere.

Me køyrer vegen åt den grøne draken i kveld.

Om eit punkt kjem gjengen inn i ei bakgate. Ein kamerat — vel, to eigentleg — skal gjera eitkvart med eit kvinnfolk. Om ikkje omvendt. Og med blir eg, frikarane og Legenden standande å sjå mot eit parkeringshus. Elles er der folketomt i smuget. D'er no artigheiti tek til.

Parkeringshuset er tolig høgt, jamvel 20 meter — med asfalt svivande under. (Eg var ganske bortdrukken på herne tidi, som de kan lesa). Langs sidone gjeng det fleire rakk med hønsegjerde, liksom du finn på skulegardar og slikt. Det såg mest ut som eit fengsel, tykte eg.

Fyrste tanken er no: Her må me kunne klatra godt! Ein av frikarane tek til, opp mot fire meter, «nei helvete kor høkt» og so ned att. Heller ikkje eg er kar nok til detta. Men Legenden stirar opp, flirer litt og tek til han med. Fem meter, ti meter, å herregud for dumt og fårleg. Men artig som fan, må vita. Femten meter. Tjuge. Over og inn ei opning.

Han er no vorten brotsmann og læst inne i eit parkeringshus. Men gjennom kløktig klatring fær han til å koma seg vidare nedover. Læser opp døri frå innsida — parkeringshuset er fritt for gjengen no. Me gjeng inn. Sjekker bilane, seier stygt om alle som køyrer Audi og deler gode ord om dei fantastiske Opel-ane. Og glisar.

Me er dei med vit og whisky. Og eit heilt jævla parkeringshus for oss sjølv.

Ein kamerat set på dubstep. Me lagar i hop ein moshpit, skålar for Mao og Stalin, dansar som djevlar i kring ein el-bil. Hoiar, gjer overslag over verdisakene folk lèt at i bilane sine — utan at det blir nokor vinning av det. Me spring hundremeter, sjekkar dei høgre etasjane og teiknar slagord på nynorsk. «Riksmål er fasistgnål» kjem det utor Legenden. Eg kvedar eit bel og vinn meg ein øl og ein pris snus på detta. Men utan blinkande diskoljos og pene studentinnor frå Stavanger er der lell ikkje liv nok laga. Laget døyr sakte ut, utan at me eigentleg veit det sjølv — og me legg på veg heimover.

På vegen kjem Finnmarkingen i hende eit protestskilt til ein slags demo som skal skje ein av dei neste dagane. Han gangar ned festgata med parolen (som eg trur er mot dyremisbruk?) og hoiar slagord. «Arbeidslæger førr Tromsværinga! Død & pine over småborgarpakket!» Knusar om litt skiltet og brukar staven som vandrarstav, vandrar klokt og stilig vidare nedover. Og ved ende blir laget løyst av og alle fer til sitt.

Eg trynar seinare utpå asfalten og blir sovande der til omlag klokka ni. Og drikk no kaffi og triksar med aspirintablettar. Eit godt lag, jaggu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.