7/09/2011

Bratislava ung-by (del 1)

Melding: Skrivaren er utanlands og fær soleis ikkje posta so mykje for stundi. So her er fyrste del av eit rit. I del 2 kjem det bilete m. m!

Han som er reist mykje ikring, han blir røynen og klok mann. Eller eit dugande kvinnfolk, når me alle helst skal vera so opplyste. Ein skal sjå Pyramidane, Den kinesiske mur, eit Picasso-måleri o. s. b. Det er ikkje skort på sansebilete som skal prentast fast i netthinne og Facebook. So me sankar bonuspoeng liksom sopp på skogstur og ser oss ut eitkvart å reise til!

Og so fer eg åt Bratislava, hovudstaden i Slovakia. Her er jamvel ein halv million innbyggjarar, sjølv om dei innfødde reknar det må vera dobbelt so mange. Ein øl kostar éin euro, plommesprit (slivovica) iblanda energidrink mest det dobbelte. På småe gatekneipor fær du retteleg god og sterk goulasj-suppe til nokre få myntar. Kom kika inn i staden.

Bratislava kan i fyrstningi sjå mest ut som ei lygn, ein fasade. Du kjem innåt hotellet og må vente eit bel, tolig lenge for å sjekke inn. Arkitekturen er anten dekadent rustfritt stål eller stalinistisk, kvar eg valde den siste — billigare soleis! Og på romet finn eg no katteklorte møblar, lukt av sveitt teppe og ein TV like påliteleg som Opel Ascona-en uti fjøset. Folk er frekke med å koma opp og ned etasjane, dyttar seg liksom inn og kastar stygge blikk mot meg heile dei fjorten etasjane eg må føre.

Men det var altso med det store sviket, som me elles kjenner frå tidi som tenåringar. Bratislava er nemleg ein sers, mest overveldande ung by. Og det er ikkje berre turistane — alt er so ungt, om enn ikkje arkitekturen. Sprit flyt over og folk er kjappe, litt frampå — bygatone her stoggar ikkje opp med treige tyske eller trønderske turistar.

Og kvinnfolki er fagre. Det er som å sjå rosor gro utav betongen.

Det fyrste møtet mitt er med frukost, og her er han retteleg stor. Bacon, egg, tjukk joghurt, rikeleg med kaffi, ostar o. s. b. Det blir mest ein middag tidleg å morgon. Eg er bakfull og fær hjernemassasje av den milde bassen frå house-musikken som blir spela i lokalet. Sidan fer det åt øl, kvar eg kjem i møte nokre nordmenner. Me pratar om litt: Eg nemner ei historie om ein bayersk hotelleigar som ein slektning hadde møtt på tidlegare. Jo, bayeren hadde fyrt opp ein fyrstikk og lét han brenne ut, og då sagt: «So hier brennen wir den Juden» (omset: «soleis brenn me av jødane»). Serleg ein av nordmennene tykkjer det var vondt sagt; han er for resten ein soldat.

Men der skal vera sant: Staden her vekkjer att livet i meg. Jau med unge folk, heller enn dei vaksne, som sit stive og berre kan sjå på det som er skarpt. Ungdomane lagar livet sjølv, dei. Nottelivet er sprækt som du fær det: Ingi lygn her, house-musikk og dubstep i lange nottetimane og nok sprit for å gjera alle til lags. Det er flust med britiske ung-gutar, med dei dumme caps-ane sine og merkelege fylleutfalli. Dei lokale er litt rolegare, utan gjentone — dei festar minst like hardt som dei i Vinje, om ikkje verre og slemmare. Men dei er stilig kledde alle som ein, og på uransakeleg vis kjem alle att til hotelli sine ved kveldsslutningi.

Kvelden er der framleis, og utanfor herjar det lyn og tole. Det kan rett nok vera fyrverkeri eller trikken, men alt skjer på hi sida av bygget mitt. Eg ser soleis berre ljoset som kastar av og høyrer dei veldige bråket. Og so fer ogso eg inn i draumaland og blir der i åtte timar, før ein ny dag byd på ei ny historie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.