7/24/2011

Ordløysa i siste dagar

Det er ikkje ofte eg gjeng tom for ord — mest skulle vel eit og anna vera usagt. So eg lånar frå andre, meir kloke enn eg — og stel sjele-ro nok til å halde augo fri for tåretåka. Somme kjem med dikt, somme med skarpsyn, somme med moll-musikk. Og det hjelper fram smått om senn, nærar meg — so matlyst kjem tilbake og nærar kroppen med ein annleis substans.

Alle vil prate om tragedien no. Og som menneski me er vil me vita kvifor. D'er orsak og virkning: Me nøstar opp Breivik-manifestet og ser paragrafane rulle ned skjermen, som ein person i skirselden (skjærsilden) — rakt gjennom eit helvete på veg mot lyset. Stoggar midt i, græt litt, nærar opp meir mod og held fram gjennom galskapen.

Om litt sit me att med ein djevelsk saga: Ein mytologi bygd på gamal religionskonflikt, der ein gutteklubb hev kveikja opp ein gamal krig og læst han fast i hovudet. Dei lever utanfor vår eigi tid og kan soleis ikkje føle med samtidi. Det er det motsette av post-traumatisk stress: Dei blir oppsvelgde av mytologien, trollbundne og kan ikkje få fred før det forferdelege er skjedd. Og so skjer det — og me sit ordlause attende.

Eg vil helst ikkje tala om kvar skuldi (skylden) ligg eller kva som skal skje. Eg er ikkje klok nok til å skjøna dei som lever i ei onnor tid — eg er ein-tid-leg. Men det tykkjest rett å byggje ned tabu og kaste haldningane deira ut i offentlegheiti. Då må nemleg utsynet deira arbeide i og med samtidi.

Habermas var inne på det: Alle synspunkt må inn i ålmuga (offentligheten) og formulerast til eit språk som alle skjønar. Det gjeld ikkje berre religionen, som no alltid må leggje menneskeverd til grunn for argumenti sine. Detta må no ogso gjelde for dei som sit med andre, meir brutale og — som no — fårlege standpunkt. Kun då kan me syne fram dei språkspeli som driv galskapen — og på den måten byggje dei ned.

Men eg veit no ikkje for mykje, og trær (trår) eg ikkje varsamt nok, bed eg om orsak for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.