5/30/2011

Måndagsfres

D'er måndag, stund med espresso-shots og veldige bokhaugar over dei skrale kafébordi i kaffistugu. Ikkje akkurat som lovnadene om kjerringar og gull i staden, detta, men so er me vande med byen som lygnar og eksentrikar. Ei høne utor ei fjør, kultur utor dels vakre falafel-sosialistar som sit og drøftar feministisk litteratur. Kva skulle det vera, elles? Mannfolk-litteratur? Ei bok med kar-aktige bokstavar med blodet frå fiendane våre rennande ovanfrå, med den medvitne feministlitteraturen var pynta med mjuke bogar og rosa skjønskrift? Eg fær aldri heilt greip på detta, men so fekk det aldri heilt greip på meg heller.

Det blir eit retteleg sjå med desse permisjonsmødrene. Tronge buksar og ein stor kopp med skumma mjølk, ei gåve åt studenthipsteren dei stura bort når barnet kom. Ho vil fri, men det held fint med nostalgien. So riv dei opp blusone og tek til å føde ungen i offentleg sku, kan hende mest for å overtyde seg sjølv om at dei er mødrer no. Ei mor stirar meg stygt ned når ho ser meg sjå like sælt som ungen bort på henne. Eg gjer retrett til boki med differensiallikningar. Men ogso dei stirar ned på meg, dømer meg hardare enn femti bestemødrer.

«Jaggu, du gjer ikkje vett av initialvilkåri i herne lineære homogene likningi? Kom deg attende til gardsbruk, din gut.»

So eg sit der med kaffi og glefsar over bunken med aviser. Og må liksom glefse litt hardare når eg tyr åt nettavisene: Maria Amalie las frå eigi bok på Litteraturfestivalen 2011. Javel, so feirar kultureliten seg sjølv att. God morgon, Hylland Eriksen! Stakkars jenta som kampar mot den ålmektige rasismen. Det er no artigt at folket ser myrke krefter overalt, litt som prestane som driv med eksorsisme. Men det vart vel aldri noko folkeleg reising med saki likevel, av di ho ikkje gjaldt folk flest. D'er ei merkeleg verd.

Det er verdt å tenkje meir på. Flestalle journalistar vil vera progressive. Me skal gjera samfunnet betre — ressursane er ujamt fordelt og hindrar ekte brorskap i menneskeslekti. Men so er no dei fleste journalistane fødde inn i djupe urettferdi sjølv - inn i øvre middelklasse, med to bilar, caffe latté, MacBook og eit utal skriftsortar å velje mellom. Soleis fødde inn i arvesynd. So det smell eit paradoks inni hovudet, og nevrosen lèt ikkje vente på seg. Dei store mengdene med folk er undertrykte, heiter det. Og me er på lag med folket. Liksom i Mussolinis La Dottrina del fascismo — «Læra åt fasismen» — kan der ikkje vera nokon konflikt mellom kva staten og folket meiner. Den eine meiner som hine. Eller lat oss no seia journalistane framom staten, for ogso dei meiner nok å vera eit sant uttrykk for folkeviljen.

Rett finst der heldigvis dei som vik frå normalen. Der er dei ekte og mest solide journalistane og rettferdskrigarane. Hjå dei finn me gateprestane og dimeir Anlov Mathiesen, mest kjend for arbeidet sitt i =Oslo. Dei hev ingen illusjonar om å vera talarane for einkvan folkevilje, gjort konkret gjennom ei NORSTAT-undersøkjing eller sinte lesarbrev. (Folk som skriv lesarbrev er no mest ein gjeng raringar.) Kva er so målet? Rettferd over asfalten. Folket lever i Skippergata, dei duftar inn eksos og tek verdi for kva ho er. Dei må ikkje vera heltar. Dei er fullgode menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du lyt skriva ordi dine her.