5/29/2011

Flokar i norsk politikk

Det hev ikkje vori til å koma undan all denne kranglingi i den raudgrøne regjeringi. Somme kaukar varsku, og jaggu fær dei vatn på mylla. I den siste tidi hev me fengi ein ny elite av dissidentar, ei mest uvanleg sak her i Noreg. Dei melder seg ut i all hast og annonserer det åt Twitter, Klassekampen eller Aftenposten. Det er likso med tenåringsveikjone som høglydt og offentleg jamrar om mensensmerte på Facebook. No er Tore Linné Eriksen utor SV-soga. For kort tid sidan gjekk Twitter-helten Johannes Mundal bort frå Senterpartiet. Og Anne Viken stend alltid parat med eitkvart å seia om Bondelaget og den saknande jordbrukspolitikken.

Det lyt vera greitt å sjå at grasroti åt Senterpartiet ikkje brenn bort med vidare, enno somme er meir unøgde med utviklingi i jordbruket no. Det er visst for mykje makt hjå industribøndene. Lat oss no for ein gong godtaka at Senterpartiet fyrst og fremst er ein snarveg for trønderar som vil inn på Stortinget og hava store soddfestar. Men med SV gjeng det ein rakare veg: Mot oppløysing, mot utmeldingar og mot meir drama. Krigen i Libya og Afghanistan splittar, Tore Linné Eriksen er utor, Marie Louise Vidnes er utor — og fleire gjeng mot Oslo-dominansen i partiet. Kan hende er meir kjekling sunt for partiet, fordi det gjev merksemd i media og syner at liket ikkje er stivna heilt til endå. Men med sannsyn er det mest fælt for partiet, fordi kjeklarane kjemper langt hardare mot partiet enn partiet gjer for ideali sine. Fartyet lek soleis to stader.

På hi sida lærer vi noko om vesenet åt norsk politikk: Det er betre å vera horebukk enn ei hore. Arbeidarparti kan vera sterk mann til sengs med eitkvart kvinnfolk, men dei små partii fører eit hasardspel med ideali sine. Det er nett av det siste dei er småe parti. Dei store partii fører realpolitikk, og so læst dei som dei er ideologar når dei må orsake blautkakefestane sine. Det er difor rart å sjå dei som undrest over mangelen på sentrumsparti. Eg vil slå eit slag for at etableringi av delingslina oppi Nord markerer eit skil: Norge førebur seg på å bli stormakt, og då er det omme med ideologien. Han dug mest til skjellsord i desse nye tidene. Å seia eit og anna om amerikanske krigføringi er éin ting, men amerikasamarbeidet er for sexy til at politikarane kan styre seg.

Kva blir då vegen ut av uføret? Eg trur ikkje me finn betre råd so lenge før Norge blir meir markant i nordområdi og vinn stormaktstempelet. Men når detta er omme, lyt me sjå åt Tyskland. Der hev nemleg Dei grøne (die Grünen), gamle hippiane med solcellepaneli og Gaia-retorikken, vorti store og dyktige. Korleis det? Jo, gjennom å sikre seg lokal makt og gjera praksis av idealismen sin. Soleis føler folk at det er kort veg til makti. Her læt som det Senterpartiet hev mest å vinne: Dei sit med flest ordførarar i heile landet. Dei arbeider allereie med organisasjonar som Bondelaget og NJFF. Kvifor ikkje heller bli organisasjonspartiet, eit reint og opi lobbyistparti? Gjeva oss partiprogrammet på anbud, so skal me sjå at realpolitikken om litt kjem.

2 kommentarer:

  1. Kor rett er det å segja at Dei Grøne i Tyskland skil seg frå norske parti på detta umrådet? Dei deltok i riksstyret frå 1998 til 2005. Fyrr det hadde dei nog vore med og styrt nokre deilstatar, men gjekk ikkje SV au i same grad fyrst vegen um lokal magt? Til dømes i Gerhardsen-byrådet i Oslo på nittitalet og fylkesrådet i Troms fram til 2009. Og folk som Inge Ryan og Arne Vinje hev vel òg havt lokal magt, så dei hadde prøvt seg i så vel store som småe kommunar fyrr dei fekk magt på nasjonalt nivå i 2005.

    SvarSlett
  2. Takk fe' kommentaren.

    Eg er kjent med den sokalla lokalmaktslina i SV, men dei fekk rett nok aldri sama «praksis» som Dei Grøne i Tyskland. Dei sett ikkje til med å skipe om gamle bydelar til byøkologiske eksperiment med solcellor og dilikt, (detta gjorde derimot Dei Grøne i Trondheim med Svartlamon, faktisk!). Ikkje at plattformen deira krev at dei gjer det heller, men det er jo noko folk legg merke ved. Dei fåe reformene utor SV-styre hev i minsto ikkje gjort samanfallet mellom praksis og ideologi større. Og då er det ideologien som fyrst gjeng utor soga, med forvaltarpartii som Arbeidarpartiet og Høgre blir større og mektigare enn føre.

    SvarSlett

Du lyt skriva ordi dine her.