8/30/2011

Nei til inkludering av tromsværingane

Ein mild kommentar i ljos av denne artikkelen.

Det hev komi meg føre, at somme vil hava desse «tromsværingane» inn i det varme samfunn. Jau, det kan me visst like — toleranse og alt det der. Måken frå nord, det ævelege klagekoret, skal bli integrert. Men dei med vett kan ikkje like det soleis — nei, eg tykkjer d'er reint stygt og at me må halde på fornuften. Toleransens kval skal ikkje sluke oss som daud sild.

D'er kvinnone som er fyrst ute — dei tek seg spæle karar frå Tromsø, Kroken-gangsters med meir snus i lippa enn vett i skallen. Kva vil skje med eit blandingsbarnet, det med far frå Troms og mor frå Telemark? Jo, det vil nok fyrst få eit trist møte med skolen. Ungen vil meistre snautt 150 ord, kvar 140 av dei er bannskap — dei andre ei slags smørje med vokalar og uljodar (ulyder). Lærarane vil tru han er vond og dum: Han seier berre vondt om andre, og kan ikkje telje til tjuge eingong. Han vil derimot kunne skjelle ut heile slekti di attende til 1500-talet. Det er vel ein kvalitet, meiner somme — men d'er ikkje godt emne for skole- og arbeidslivet.

Som tek meg til poeng nummer to: Folkesjukdomen «kaffipause» ville breidd om seg endå kraftigare. Effektiviteten overalt ville sonki (sunket) og norsk industri hadde vorti selt til meir driftige land som Sverige og Grønland. Det er ikkje so verst, oss telemarkingar og dei andre med vett hadde vel vandra over grensa fyrst. Men so hadde me sett dei idiotiske Facebook-oppdateringane frå nordjævlane, kvar dei skryt av å pisse på Slottet eller joike i Nidarosdomen. Og me ville kjent lengt til ei heimleg strand — og bruka fleire århundre på å rette opp skadane frå kan hende fem-sju dagar med nordnorsk einevelde i Noreg.

Her er ogso rett med eit historisk perspektiv: Norsk soga seier at me ikkje skal lita (stole) på barbarane i nord. Ei eldre vise frå Austlandet læt (låter): «Å, dei som fere i nord/ med dei fattige ord./ Dei liver på NAV-et / og pissar i havet». Eg ser ingen grunn til å tvile på visdomsordi til dei gamle dølene. Dei visste meir enn eg, eg vil ikkje vera arrogant om slikt.

Ein siste ting om tromsværingane: Kva ville skjedd om me alle vakna ein dag og fann ut at me var tromsværingar? Jau, hald deg i ro må vita, det er eit fælt bilete — men tak imot poenget. Me ville slutta i jobben og teki ut trygd, skaffa oss snøscooter og byrja snakke vondt om samar. Me hadde berre eti fisk og potedes med reinsdyrmjølk og kvalsmør. Den vonde lukti av roten (råtten) fisk ville trekt isbjørnen til byane lengre sud (sør) og truga kvegdrifti i Eiker, Jæren og Akershus. Me ville klaga over kor kaldt det var og fyrt opp heile nasjonalbiblioteket for å halde oss varme. Grunnloven hadde me bruka til å mekke rullesigarettar, og kronjuvelane hadde me putta i felgane på ein statsfinansiert rånebil — ein Opel Ascona.

Nei og nei! Slikt blir det ingi framtid av. Tal nei til jævlane i nord. Send dei attende til Svalbard, Danmark eller kvar no enn dei kjem frå.

8/27/2011

Sylvarkjerringi

Og vidare ned Karl Johan — me skulle ikkje tenkje for stort om kvar me gjeng. Liksom renne nedover med straumen — som berre daud fisk gjer. D'er betre å vera daud enn aud, sjølv om einsemd skal læra oss eitkvart om oss sjølv. Alt vil eg ikkje vita. Eg hev hatt dei mareritti, jau, mellom dei verste: Stod der midt på gata og såg innåt kjøtet, og kjøtet pulserte liksom og vart klårt og gjennomsiktig. Eg såg gjennom skrotten, inn til dei lekamlege tingi og blod som flaut og kolliderte mellom seg sjølv. Byll som lak gjennom nyrone, sukkerstoff som kolliderte med feitt i blodet og danna plakk. Og det verste kom med levri, ho grein, «d'er gift! d'er gift!»

Og soleis stod eg der og tykte det no, om augneblinken framom. Ho er so vond til. Eg skal møte henne no, og sikkert ei stund sidan. Ho kjem innåt om kveldane, legg seg attom ryggjen og pustar kald, rivande luft over aksli (akselen). Og lell elskar eg henne. Når eg stirar inn, er det mest som å sjå inn i ein spegel: Eg ser inn henne og fær ut det eg ikkje toler med meg sjølv. So kjem kaldsveitting, før eg lét sylvarkjerringi (sølvkjerringen) brjote huden og gjera det ho må. Det blir om eitt stilt, eg ligg liksom litt i eit koma og tenkjer over stjernone og himmelriki, før om pusten tek seg opp att og slær som ein totaktsmotor. So må me fara båe to, me er tomme og vinn ikkje om meir i herne (denne) stundi.

Eg hev fengi eit likare sylv, d'er betre enn noko anna. Lell om eg kan sjå innåt skrotten stødt og til dei verste tider — sylvet kjem og kastar ljos på innsida av skrotten. Huden blir fager med ein grårosa toning, med håret stend rakt og hardt derfrå og skræmer (skremmer) bort andre rovdyr. Eg blir gal, diktar!, rikare til sinns og fattigare i hemningane. Traskar stødt langsmed gateplanet, stirar inn på folk og smilar dei bort. Ja-du, kor eit smil, eit reint og uforfalska lukkesmil kan skræme bort ei heil verd. Og di meir smilar eg over slikt. Trippar liksom litt på føtene, slær dei saman i hyllest og held fram i det same rivande tempoet.

Eg eig lukka og sylvet, kva eig du — kjære verd?

8/15/2011

Strevet for måndagskaffi

Det renn so sprækt eit folkehav gjennom gangane her. Dei bannar, trippar bortover og gjev fyrstehjelp for ålvorlege papirkutt. Og riv opp golvplatone når dei traskar tunge som troll nedetter på ei æveleg ferd, ein Golgotha-marsj for dagsens fyrste kaffi. Måndags-blues me kallar.

Her er ein kar som irriterer meg so stort. Herr «Eg kokar berre kaffi nok til meg sjølv».

Jessu då? Enn oss, du? Enn vøre med oss? Me er kaffisvoltne au.

Eg skjøna aldri meg på slikt «folk»(!). Ein lagar ikkje kaffi for seg sjølv, ein lagar ikkje kaffi åleine. Det er me, dei andre, Det Andre, som hev skipla det til. Sigla nedåt Afrika, stifta koloniar, utbytt folket med glinsande hud. Og sidan ført dei same landi under marknadsøkonomien, gjevi dei veldige lån so dei kan presse meir grut utav bøner. Å drikke kaffi er soleis ein so sosial sport, eikor (ei og anna) feiring av me-et.

Kaffihistoria startar med dei ottomanske invasjonane innåt Wien. Der slo me dei attende og vann nokre posar med mogne bøner. Dei lét me koke suppe på, og suppa var gull — svart gull, likeso mørk som tankane som bind oss til jordtilværa og hindrar einskap med himmelfaderen. Men med kaffi, og ikkje med utukt, kunne me trivast og livast. For lell om me blir morgontunge troll, so er der litt rock'n'roll og nærer oss gjennom profittauket.

Flestalle (dei fleste) kjenner til kaffibruken i norddelen av landet. Dei ligg i verdstoppen, jamvel over dei staute finnane. Og ikkje nok med det: Det er ikkje tysk eller amerikansk skvip dei serverer, men ei blanding sterk nok til å løyse opp gull. Synsingi fer over årsakene: Noko om vêret, at det er kaldt, at kaffi er sosialt der ogso. Og om litt heng oljeslottet og sviv (svever) nordpå, når Barentshavet pumpar opp anna svart gull. Då skal me vera der med dei, og då kan me like meir kaffi.

Sant å seia likar eg rett og slett brygget, ikkje berre som drykk, men ogso som symptom. Det er kan hende det beste dømet på korleis me koplar ei vare utav historia og produksjonsopphavet. Produksjonen, han kan nemleg vera litt slem mot jordsmonnet. Og ingenmann tenkjer på sveitte, glinsane hudar som tærer seg ut under solskinet når me kastar inn fyrste koppen. Og eg fær heller ikkje slike tankar ved andre koppen. Men ved tridje koppen er eg sopass gira at tankane fer hit og dit, ogso der.

No arbeider rett nok ikkje kaffibøndene under franske og engelske aristokratar lenger, men det kan knapt vera betre å vera styrt av derivatmarknaden og hedgefond. Ein fersk blåruss i London set fem millionar kronor, eit veddemål på prisen for den framtidige kaffiavlingi di. Du er ein gladiator i kamp mot solstråling og dei låke nitrogenverdiane for jordflekken. Og eg er jordlaus kontorrotte som stirar imot, men gløymer å sjå deg mellom dampen frå fersk morgondrykk.

Eg elskar ei kjele med svart.

8/12/2011

Eg er gjerne kar på sumarsdagen

Og godt so. Nedåt frukostbordet — attåt kjerringi i huset, fyrer opp ei pipe, tek avisi og læst som eg meiner so stort om han der og den saki. Kaffi, bacon og ei passe gamal brødskive dertil, sjølvsagt. Og utpå gjeng eg på badet med ei rusti (rusten) tang. Det blir roleg om litt, so stirar eg modigt inn i skjegget og riv ut naglen på stortåi — ein kar som hev plaga meg altfor lenge. Her gjeld det berre å blø ut, reinse såret med heimebrent og trampe bort dei verste blodflekkane på golvet. Det ser ut som eg hev krossa ein liten landsby med småfolk under føt'. Her skal ikkje vera leiglendingar, vera seg folk frå folketru eller snikinngroande naglar.

Pfføy, men kor det svid.

Av pipa, sjølvsagt. Smerta skal eg no tole — ho gjeng aldri tom. Det er verre med den litle, dyktige mengd med Virginia-tobakk. Sjølvturka endåtil! Og so føler eg trong for whisky. Igjen, som eg må seia sterkt, aldri av smerte — men fordi kjeften er turr av overfyrt tobakk. Whisky er det beste av vatn og brød, just som smøret er det beste av mjølk og Willoch det finaste av Høgre.

«Eg kunne like meg ein tolvåring», sa far min stødt til skjemt i fint selskap. Stemningi gjekk seg fort opp, koka kraft av mistru og vantru og kledde stugu i seg. «Ein tolvårig whisky vøre det!» braut han alltid av med, so låtten brast og ingen torde sjå stygt imot. Han var retteleg kar, han kunne få sjølv ein summøring til å flire av oppspentheiti si. Og eg er gjerne kar likeso, eller kan hende litt mindre, fordi eg saknar fint selskap. Eg blir nemleg ikkje invitert på hageselskapet åt Aschehoug eller heim åt sosial-liberalarane på Ullern. Heimkomen er eg i dag, og det er i minsto (i det minste) like godt.

Eg røykjer pipe.

Og diktar som ein tosk: «Eg er so gjerne kar / om soli stende' (står) so berr. / Og gliser oppi dar (der) / so angsten tykkjest so fjerr (fjern). / Fe' sumar gjere' godt / og roi (roen) vinne' me um. / Og lell om eg saknar pott / blir eg reint luggum.»

Imed skin her so sterkt over grender. Ein og annan fugl kvitrar i takt med app-en på smarttelefonen min. Born spring og jagar opp kvarandre og late gamlingar på hi sida av vegen. Eit ordspel blir gjort mellom meg og kjerringi, og so eit til. D'er stemning! Og ho hev teki til å nytte eit dugande austlandsk ord, den rare trønderkjerringi, nemleg «hokken» (kven). «Hokka vise ska æ søng?» — «Du, syngji? Du er hakka gaRn du!» (galen, gærn). Og dagen fer no om si tid som han skal. D'er middagstid, non som det heiter no, og eg kastar blodig kjøt på grillen og let det fræse som ein Open Ascona. Og på bordet stend eit festleg lag: røsta rotgrønsaker, sterk sennep frå Tyskland og like sterkt øl frå grannen min. Jau, på ein slik dag er eg gjerne kar.

8/07/2011

«Um tida og meiningane um 'a» — intervju med Steinraus

Eit rivande, fyldig hår på ein litt for stor skalle. Eg er i romet med Steinraus. Han er bitter, jau, ikkje fordi han er trønder — men fordi han generelt er lei og fordi han er snus-laus. På bordet stend nokre burkar Dahls og ei flaske med Vikingfjord. Steinraus lèt servere tunn kaffi åt spriten, slik tradisjonen i Trøndelag krev. Og praten tek til.

Usak — Skitprat


Aasmund: Takk for at eg fekk koma. Kva skjer for tidi?

Steinraus: Det hev vori stilt her i skogja (skogen) ei stund. Alt hev gått så fort om no, liksom reist i frå oss og trekt med seg sjela vår langsmed E6-en i ein Ferrari. Vi er ganske svikne . . .

Aasmund: Burtkomne er me — ja ...

Steinraus: Reint utav det, just det! Som kamelar på Svalbard. Og heller enn å lat' oss sjølv bli kalde, lét vi varme kvarandre, tine opp telen og leggje grorbotn for rosor i morgon. Men vi er ikkje heilt der endå — det er stødt i dag. Og sola skal glytte om litt, men ja — også dét er ei mengd, ei tid å bera gjennom. Det fær gå så sakte, sakte nok for meg.

Aasmund: Og somme vil gjeva skuld midt i det heile. Jau, d'er så lett — så fryktelegt lett! Her sit ein forfattar, han meiner noko om Frp — sjølvsagt ausar han utor tankehavet sitt. Han er vektig, må vita!

Steinraus: Jau, så somme vil gjeva skuld, dei andre vil ikkje røre 'a (henne).

Aasmund: Lell er det no ein person som fer med ordet, og ein annan som fer med handling. Og så var det med politikken. Kva for parti ber skuld? Frp? Kva for person? Fjordman? Er der kriminelt å skrive godt, men giftigt? Enn med manifestet?

Steinraus: Der heiter gjerne at ein ikkje ser bjelken i eige auga for flisa hos dei andre. Så einkvan («ein og annan») vil føre vidare med det moralske krosstoget, do («dog») i motsett forteikn: Ein og annan meiner det her aldri ville skjedd utan aggressiv retorikk frå høgresida. Så var no det sagt. Og manifestet hans Breivik er mesta ein vits, det er som å lesa ein skolestil frå Anne B. Ragde eller meg sjølv.

Aasmund: Men det er ikkje mangel på dårlege forfattarar frå vinstresida som skriv eller skreiv minst like vondt. Ber dei skuld?

Steinraus: Nei, dei ser mest ut til å leva utan samvit. Hundre millionar daude, men dei snakkar jo slavisk eller kinesisk, så vi høyrer ikkje stort frå dei. Dobbeltmoral er dobbelt så fint som moral. Så i krosstoget er vi plutseleg komne ved ein krossveg: Kva veg fer skuld, spør eg.

Aasmund: Om litt skal du få nemne det. Men her vart eg i uråd. Eg sit midt uppi krangelen og tenkjer likegodt: Kven av venene mine skal eg melde ut? Sjølv dei som er milde islamofobar?

Steinraus: Jau, høgresida hev allereie innrøma sine feil. Retorikken skal bli snillare og lættare enn før, etter seiande i alle fall. Det kjem nok til å gå inn på dei fleste om senn — det er i alle fall eit håp. Men kva med vinstre?

Aasmund: Dei fer no vidare. Kva elles?

Steinraus: Læst som dei er så hæve? (kjekke)

Aasmund: Heh, kanskje.

Steinraus: Kva skulle ein no med prestar når det finst slike.

Aasmund: Hans Rotmo sa vel . . .

Steinraus: At det skal bli så godt å koma til helvete, for der er ingen prestar. Men vi er allereie i helvete, om midlertidig, men prestar er her jo.

Aasmund: Så kva ligg ved vinstresida? Ber dei skuld, trur du?

Steinraus: Vinstresida er gode til å sjå ned i grumset åt dei andre, og godt nok er det. Men eg tykte no dei skulle sjå litt i seg sjølv. Det var dei som gjorde mytologien åt Breivik.

Aasmund: Vel, kva meiner du eigentleg no?

Steinraus: ABB følte ikkje at han vart høyrt. Han ser på vinstresida på same måte som feministane ser på patriarkatet og rastafarianarane ser på Babylon. Eit undertrykkjande moralsystem. Då er det naud, og derfrå er vegen kort — eller lunta kort, om eg fær vera frekk nok.

Aasmund: Men vinstresida kan ikkje sitje med skuld berre fordi dei er til?

Steinraus: Det er ikkje det. Eg kjem frå NKP sjølv.

Aasmund: Så forklar detta, då.

Steinraus: Vinstresida såg for seg at dei skulle gjera samfunnet betre, du veit, den progressive draumen. Kultur-radikal-konstrukt-i-vist. Byggje ned fordomane mot samar og kvinnfolk. Men så eg ser det, gjekk ikkje herne utviklinga heilt heldig føre seg.

Aasmund: Kva skjedde?

Steinraus: Dei arva den same protestantiske pietismen dei ville bort. Vinstresida vart skuldige i uthenging, platt retorikk, skam-mekanismar. Det er berre å sjå på Marte Michelet. Kjærringa e jo toillått. «Herfra er det personlig» og alt det småborgarlege pjatt. Det var mest som nokre ville at islamofobi skulle vera fårleg. Då kan det bli slik.

Aasmund: Og meir om det?

Steinraus: Ordet «rasist» eller «islamofob» vart jo mest fylt med same kraft du fann i ord som «hedning» i mellomalderen. Og då er det ikkje lenger handlinga som er verst, men ordet. Vinstresida, med ein innavl som endåtil overgår Sør-Trøndelag! (Steinraus er nordtrønder, red. anm).

Aasmund: Du vart vel eit stykke bitter no. Enn Lars Gule? Eg tykte analysen hans var både vettug og full av innsikt. Han er no dømd terrorist sjølv, karen — veit kva som ligg attom valdstrongen. Vinstreside au!

Steinraus: Lars Gule er kar! Og hæ, eg er no sikkert bitter, eg mister ikkje fleire folk med det. Just no er det berre meg og tobakken.

Aasmund: Og me er om eitt komne til sakdebatten.

Sak — Ekstremhøgre og konservativ revolusjon


Aasmund: Fortel litt om ekstremhøgre.

Steinraus: Det er viktig å gjera skil på nyansane i ekstremistrørsla. Det er lett å tenkje at dei fleste der vil attende til ein slags fasciststat. Så enkelt er det ikkje. Om vi skal mæle fasciststaten, finn vi at han er ganske lik eit sosialdemokrati. Også sosialdemokratiet hev hatt «kjempar» som durar litt her og der, aller mest folk som Haakon Lie.

Aasmund: Men dei er vel totalitære desse høgrekarane?

Steinraus: Ikkje alltid. Somme byggjer hybrid-ideologiar som fer utav kategoriseringa. Eg kan gje eit døme: Mange henter utor den nihilistiske tradisjonen. Der finn vi Max Stirner, samtiding åt Karl Marx og jaggu ein anarkist. Filosofien åt Max Stirner tykkjest mest proto-postmodernistisk og handlar mykje om symbolbruk. Eit døme er korleis «Gud» eller «fellesskapen» blir sett på som eit slags mål å jobbe opp mot. Men det er no fordi dei definerer det såleis sjølv! Så Stirner liknar Gud med ein slags sultan som gjer seg sjølv til eineherskar og sentrum for heile moralen.

Aasmund: Og kva steller Stirner opp i mot detta? Kva vil han?

Steinraus: Det er det som er greia. Han vil det likeins. Hos Stirner er målet å bryte sunder «tannhjula i hovudet». Det er mogleg å sjå det som ei realisering av Jesu kall om at «Guds rike er inni dykk». Det frie mennesket heiter for ein anark hos han Stirner. Han er for anarkisten kva ein monark er for monarkitilhengaren. Stirner snakkar om det «Det kreative Inkje», altså eitkvart tomt som det kan koma meining utav. Det er ei nedbryting av eit innfløkt, tiltenkt språkspel som skjuler sannheita frå folk.

Aasmund: Og detta språkspelet kan like godt vera det me populært kallar «politisk korrektheit»?

Steinraus: Det stemmer. Ernst Jünger, «kongen» hos dei konservative revolusjonærane, var inspirert av anark-konseptet. Jünger gjekk heller ikkje i takt med nazistane. Kaukinga om at ekstremhøgre er nazistisk — altså implisitt demonisk — er i beste fall intellektuell latskap. Til sist er det dessutan fårleg — fordi det styrkjer mistanken hos dei høgreekstreme om at dei er mistydde.

Aasmund: Korso mistydde?

Steinraus: Fordi vi kallar folket ekstremhøgre, vil dei aldri koma inn i den offentlege sfæren reint. Dei må aldri formulere og forsvare seg med eit universalt språk tufta på felleskulturen, såleis Habermas nemner. I staden vil klikkane gå rakt i strupen på felleskulturen og byte han ut med sin eigen. Breivik gjekk jo ikkje til åtak på muslimar — men på Vesten.

Aasmund: Finst der andre tenkjarar som er vektige her?

Steinraus: Oskorei, som eg tykkjer er den mest imponerande av dei høgreekstreme, er tidlegare vinstrevridd og godt lærd. Som døme: Oskorei nyttar situasjonistisk kritikk til å kritisere den såkalla «fleirkulturalismen», som han heller meiner er ei form for ein-kultur bygd på global kapitalisme og «menneskerettar». Tendensen er at nasjonale verdiar blir svakare og blir bytt ut med McDonalds og CNN — du veit, globaliseringa. Ein part forbrukar kultur, ein annan produserer han. Altså blir heile samfunnet til sist styrt av vareforhald.

Aasmund: Detta læt no reint sosialistisk ut. Skjønar eg rett når eg tenkjer: Det er altså ikkje mangfald i heile. Burka og bunaden er mest til pynt, med dei kapitalistiske ideali herskar og tynar attom?

Steinraus: Dei meiner så. Her kjem også sosialismen inn: Fordi fleirkulturalismen og hai-kapitalismen heng saman, må vi organisere oss nasjonalt og verne om den «autentiske» kulturen for å stogge tyranniet. Detta kan vera alt frå folkemusikk til kristendom, til gamalt kneipbrød og Stiklestadspelet. FN er sjølvsagt sentrum for vondskapen: Dei pushar marknadsøkonomi og toleranse på alle, liksom ein gjer med dårleg crack.

Aasmund: Detta er vanskeleg å skjøna. Korleis fær dei noko vondt utav toleransen? Det blir jo mindre ufred av slikt?

Steinraus: Her hentar ekstremistane frå Carl Schmitt: Politikk er vald. Her kan endåtil amerikanske libertarians vera med på laget, sidan dei meiner staten er ein einaste stor bølle som stel skatt. Men poenget er altså: Om politikk er vald, må eit pasifistisk system som demokratiet gjera folk makteslause. Og vanmakt bryggjer faensmakt.

Aasmund: Schmitt levde under Weimar-republikken, så det var vel naturleg for han å meine slikt. Visst fekk dei fridom, men politikarane var ikkje dyktige til å fatte vedtak eller løyse vanskelege samfunnsproblem.

Steinraus: Korrekt. Ekstremistane meiner altså at kapitalistane vil gjera landa svake og hærja over dei sidan. Det er ein konspirasjonsteori, sjølvsagt, utan at vi skal taka han for lett.

Aasmund: Men for å runde av med Schmitt: Det er vel mogleg å kombinere eit slikt prinsipp — «politikk er vald» — med demokrati og toleranse? Tyskland er jo eit «Streitbare Demokratie», der det er lov å nytte småtotalitære tiltak for å verne om dei demokratiske verdiane?

Steinraus: Det er sant. Men interessant nok er Tyskland på veg bort frå rein toleranse. Angela uttala jo at fleirkulturalismen er «feila». Eg trur vi vil sjå at fleire og fleire statar går i retning den franske modellen, der demokratiet er ein einsidig verdifellesskap — ein meir macho stat, rett og slett. Det er framleis lov til å vera rastafarianar, jøde eller kva du vil — så lenge det ikkje bryt med standarden. Altså kan islamofobien framleis få føter å gå på, om verdiane er imot den demokratiske felleskulturen. Religionspraksisen vil derimot vera uinteressant.

Kvardagsting


Aasmund: Til sist vil eg spørje litt banalt: Kva du les for tidi?

Steinraus: Klassekampen og Nationen dagleg. Stundom Kristofer Uppdal, og dessutan Cryptonomicon. Det er ei fantastisk bok. Ho syner fram det innfløkte samanfallet mellom nyvinning i både eldre og nyare tid, og dessutan den rivande utviklinga av internett.

Aasmund: Og kva for musikk høyrer du på? Du driv med musikk sjølv?

Steinraus: Det stemmer — det blir ei fidget-skive om senn. Det går mykje i Burzum, Brian Eno og deadmau5 om dagane. Eg høyrer eigentleg på det meste, endå eg skal vera snar med å innrøme at eg byrjar bli lei av dubstep-trenden. Kode9 og Skream er kult, Skrillex er lydar frå robot-helvete.

Aasmund: Eg takkar så stort for praten og ynskjer alt så vel i Trøndelag.

Steinraus: Det va no bærri lænt herre, shø.

7/24/2011

Ordløysa i siste dagar

Det er ikkje ofte eg gjeng tom for ord — mest skulle vel eit og anna vera usagt. So eg lånar frå andre, meir kloke enn eg — og stel sjele-ro nok til å halde augo fri for tåretåka. Somme kjem med dikt, somme med skarpsyn, somme med moll-musikk. Og det hjelper fram smått om senn, nærar meg — so matlyst kjem tilbake og nærar kroppen med ein annleis substans.

Alle vil prate om tragedien no. Og som menneski me er vil me vita kvifor. D'er orsak og virkning: Me nøstar opp Breivik-manifestet og ser paragrafane rulle ned skjermen, som ein person i skirselden (skjærsilden) — rakt gjennom eit helvete på veg mot lyset. Stoggar midt i, græt litt, nærar opp meir mod og held fram gjennom galskapen.

Om litt sit me att med ein djevelsk saga: Ein mytologi bygd på gamal religionskonflikt, der ein gutteklubb hev kveikja opp ein gamal krig og læst han fast i hovudet. Dei lever utanfor vår eigi tid og kan soleis ikkje føle med samtidi. Det er det motsette av post-traumatisk stress: Dei blir oppsvelgde av mytologien, trollbundne og kan ikkje få fred før det forferdelege er skjedd. Og so skjer det — og me sit ordlause attende.

Eg vil helst ikkje tala om kvar skuldi (skylden) ligg eller kva som skal skje. Eg er ikkje klok nok til å skjøna dei som lever i ei onnor tid — eg er ein-tid-leg. Men det tykkjest rett å byggje ned tabu og kaste haldningane deira ut i offentlegheiti. Då må nemleg utsynet deira arbeide i og med samtidi.

Habermas var inne på det: Alle synspunkt må inn i ålmuga (offentligheten) og formulerast til eit språk som alle skjønar. Det gjeld ikkje berre religionen, som no alltid må leggje menneskeverd til grunn for argumenti sine. Detta må no ogso gjelde for dei som sit med andre, meir brutale og — som no — fårlege standpunkt. Kun då kan me syne fram dei språkspeli som driv galskapen — og på den måten byggje dei ned.

Men eg veit no ikkje for mykje, og trær (trår) eg ikkje varsamt nok, bed eg om orsak for det.

7/22/2011

Om nynorsken som elitemål

No skal eg gjera eitkvart dumt og diverre altfor gjengs. Vinjeboy-en skal nemleg skrive om nynorsk — på nynorsk. Høyre meg ut, vere du so snill.

Nynorsken skal vera eit folkemål etter somme. Det er i alle fall soleis det heiter offentleg: Tal dialekt, skriv nynorsk. Men nynorsken er og var alltid eit kompromiss, ikkje mellom dialekt og dialekt — men mellom ein streng mal for norsk mål og det sterkt sprikande folkemålet. Der var alltid eit spørsmål om skjøn og praksis: Aasen tenkte formene med -j (tenkje vs. tenke) var mest litt klønute og kan hende upedagogiske, men ville halde på den norske palataliseringi. Og likevel ikkje fullt: Ein god nordmann seier sko'jen, men lyt skrive skogen. Tanken var at nynorsk skulle bli einaste undervisingsmål (eit praktisk eit soleis) og det norske risle inn i målføri.

Soleis vart det no ikkje. Ein måtte forhandle, og målet vart skipla om meir og meir. Garborg kom med nokre av dei beste kompromissi i retning aust: Formene bli, blir vart lov og ein kunne skrive skrivi, funni. Mot vest trong ein ikkje gjeva avkall på stort, di der sat nynorsken trygt. Sidan kom Østlandsk Reisning og kravde inn det breie austlandske, både somme monoftongar og somme (nye) mønster: Kvinner vart lov attåt den tradisjonelle formi kvinnor (kvinnur hjå 'n Garborg). No skulle altso folkemålet ganga hine vegen, inn i landsmålet og ikkje omvendt.

Det er ikkje verdt å nemne meir om normhistoria. Men somme vil leggje ved at nynorsk-folk læt til å ha veldig sterke meiningar om språk, og då gjerne i ei konservativ lei. Eit døme er de/dykk-spørsmålet. Der er ikkje folkemål som klinger når nynorskfolket mest einstemde — vera seg Aasen-tunet i høyringi åt nynorsknemndi eller høgnorskarane på blogg (vevrit!) — gjeng imot formi dokker. Forma her, ho er brei og like greitt bruka over heile landet, frå Nordland til dei indre rånefestene i Sogn. Der me fyrst finn ei form som liknar på dykk, er det me austlendingane som steller opp med vårt dekk(an). Sjølve skilet de/dykk er di mindre utbreidd, sjølv om det rett nok lever til dømes i Hell i Inn-Trøndelagen. Kvifor so vrangt, då?

Unge folk i dag talar gjerne om hipsteren, han som rettar seg inn mot straumen og dyrkar det genuine og ikkje-kapitalistiske — men med ein kapitalistisk forbrukarmentalitet. Han kjøper Palestinaskjerf på H&M og tykkjer seg so fælt ein progressiv kar. Han brukar brillor utan synskorrigering, fordi det plutseleg er kult å vera ukul med ukule brillor. Han fer i kring med den dumme veska si med buttons frå kulturrevolusjonen og nypåteikna slagord mynta på EF-strevet på 70-talet.

Og her kjem me til poenget: Det same skjer på universiteti. D'er ikkje uvant at akademikarar og slike tek til seg ei god sak og pratar om undertrykkjing. Der er nok døme på detta: Snøkvite professorar i African Studies og Whiteness Studies, som talar so sprækt om ondskapen åt dei kvite. Mannlege feministar som mumlar eitkvart om patriarki. Det er ein progressiv syssel og gjer at tusenvis av (vertande) professorar slepp å stå ordlause, for å ikkje snakke om lidenskapslause i dei halvoppglødde korridorane sine. Og likeso vart nynorsken eit progressivt prosjekt når dei idealistiske 68-arane tura gjennom førelesingane og grodde fast på Blindern. AKP-ml-era stør folkemåla og nynorska vi 'a! song det ut i 1970.

For å jamføre att med hipsteren: Det er typisk språknerdane å skrive den mest konservative og innfløkte nynorsken dei maktar, eg med dei! Ein skal dyrke fram det reine folkemålet — med somme lempingar på kva ein kallar folkemål, for folk frå Ullern lyt neppe kallast «folk»(!). Der blir ein slags språkfetisj, som jo kan vera fint nok — men neppe noko du syner bestemor di frå Asker. Og hipsterane vil alltid draga nynorsken mot straumen, for det er der dei trivst best. Soleis blir det ikkje demokratisk kveik og rørsle utor. Detta kan berre bli eit fenomen for eliten.

Det finst sjølvsagt mange saklege, endåtil faglege innvendingar mot poengi ovanfor. Jaja, pedagogiske lempingar, seier me. Men me kjem ikkje unna at nynorsken hev sliti med denne moralistiske tankefloken, og at han ikkje åleine kan skuldast på at det er for mange vestlendingar i målrørsla. Nynorsken dreg nettopp i seg sjølv på motmakti, der ligg i soga vår. Etter samnorskoppgjeret hev nynorsknormi vori fri og eksperimentell, fantastisk i mange retningar og på mange vis. Meisternynorsken åt Duun forførte no sjølvaste Riksmålsforbundet, endå der er større sprik mellom språket hans og riksmålet enn det er mellom moderne vestlandsnynorsk og riksmål. Men for eit språk som er bygt på einskap gjennom kompromiss, vil eit slikt språk bli forvirrande — minder det blir heilt fritt, og då er det jo ikkje eit system eller eit språk lenger. Staten lagar ikkje — eller bør i minsto laga — postmoderne brosjyrar som alinjær narrasjon og kyrilliske bokstavar. Der må vera ein mal, der må ein rettesnor.

Trur eg då det er ei framtid for dei som skriv slik eg gjer? Jo visst. Det er vel klårt no at det ikkje lenger er eit målstrev. Nynorsken veks ikkje og han kjem ikkje til å gro meir heller. Perioden no handlar mest om å bevare rettane våre. Men nynorsken kan framleis vera godt i live og vera til stades i krikar og krokar, ogso på Austlandet. Språkfetisj er nemleg ikkje alltid til bry. Hipsterane held minnet ferskt og skyv om på symbolane liksom ein DJ gjer med technolåter. Og utor soleis gror det stundom eitkvart friskt. Og det er ikkje berre hipsterane det gjeld: Carl Frode Tiller vaks opp som bokmålsmann, men der var fyrst som nynorskforfattar at han følte han fekk det til. Og jaggu om han fekk det til! Ingen stussar på Tiller no, utan kanskje målfolket, som ikkje tykkjer for godt om alle heitordi. Men målfolket kan fort ganga bort og nynorsken stå att, like spræk som før — om ikkje meir.